Kontakt oss
Telefon: 70 10 55 80
Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Opningstid
Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800 - 1530.
Lokalisering
Poliklinikken finn du nordsida av sjukehuset ved medisinsk poliklinikk, luke 2.
Busstopp
Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen tek ca. 7 minutt.
Parkering
Parkeringa rundt sjukehuset er delt i soner. Parkering for pasientar, pårørande og besøkande skal skje på oppmerka stader mot avgift. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.
Betaling
Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.
Eigendelen er kr 295,- pr i dag. Utgiftstaket for frikort er kr 1 780,-.
Kiosk/kafeteria
Denne finn du i hovudvestibylen. Den held ope:
| Måndag - fredag: |
kl 0900 - 1930 |
| Laurdag: |
kl 1000 - 1900 |
| Søndag: |
kl 1200 - 1930 |
Kiosken på nordsida ved poliklinikkane er open:
| Måndag - fredag: |
kl 0900 - 1500 |
Røyking
Sjukehuset skal vere røykfritt. Det er ikkje tillate å røykje inne.
Apotek
Apoteket finn du i 1. etasje, følg skilt i hovedvestibylen/poliklinikken. Det er ope måndag - fredag kl 1000 - 1600.
Til medisinsk seksjon for lungesjukdommar