•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Generell fysikalsk medisinsk poliklinikk

Illustrasjon - Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering

 

Fysikalsk medisinsk poliklinikk er ein tverrfagleg poliklinikk med eit breispektra poliklinisk tilbod innen utgreiing og behandling av lidingar i muskel/skjelettapparatet og nevropsykologi. Her finns mellom anna:

  • Generell fysikalsk medisinsk poliklinikk
  • Nevropsykologisk polklinikk
  • Tverrfaglig ryggpoliklinikk
  • Skulderpoliklinikk
  • Hjerneskolen

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss:

    Postadresse:
    Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
    Helse Sunnmøre HF
    Ålesund sjukehus
    6026 Ålesund.

    Telefon:

    70 10 57 51  (Søknader, poliklinikk)


    Faks nr.: 

    70 10 57 45

    e-post:     fysmedrehab@helse-sunnmore.no

     

    Søknader:

    Tilvising skjer via fastlegen og skal sendast til avdelinga (se postadresse over).
    Søknader blir vurdert innan 3 veker, og konsultasjon vil for dei fleste skje innan 4-12 uker.

    Lokalisering:

    Fysikalsk medisinsk poliklinikk har ekspedisjon i 3.etasje i lavblokka - same stad som fysikalsk medisinsk sengepost.

     

      

      

Diagnosar

  •  

    • Lokaliserte eller meir omfattande smerter og feilfunksjonar i muskulatur, sener og ledd etter skadar, sjukdom, langvarige feilbelastningar eller som sideverknad av annan medisinsk behandling.

     

    • Tilstandar der fysiske, sosiale og psykologiske tilhøve verkar saman og gir plager, funksjonssvikt og nedsett livskvalitet (”sammensatte lidelser”).
     

Undersøkingar

  • Denne siden er under utarbeiding. Meir informasjon kjem.

     

Behandlingar

  • Utgreiingar vert gjort av legespesialist som rapporterar attende til den tilvisande lege og pasienten med forslag til behandlingstiltak. Utgreiinga kan kreve fleire konsultasjonar som også vil kunne gi ein positiv effekt på tilstanden. I nokre høve vert det gitt behandlingsoppfølging ved klinikken. Anna fagpersonell kan då ta del, til dømes ved behov for ortopediske hjelpemidlar, ved vurdering og trening av hand- og gangfunksjon, og når det er særskilte behov for meistringsbearbeiding.

     

    • Utgreiinga er ein del av behandlinga. Ymse standardiserte spørreskjema vert brukt i kartlegginga. Det er ofte naudsynt å avklare både fysiske, sosiale og psykologiske tilhøve (såkalla ”biopsykososial utrednings modell”). Ein legg stor vekt på å finne ut av pasienten si eiga oppleving og forståing av årsakstilhøve. Dette gir grunnlag for forslag til behandlings- og meistringstiltak (såkalla ”pasientsentrert behandling”).
    • Meistrings-orienterte samtalar (kognitiv metode).
    • Utprøving i samarbeid med fastlegen.
    • Injeksjonar (Lokalbedøving, Botox, Steroidar).
    • Tilpassing og oppfølging av ortoser.
    • Gangtrening for pasientar med proteser etter amputasjonar.
    • Instruksjon i høvelege eigentreningsprogram.

     

     

Kurs