•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Bli blodgivar



Kvifor akkurat du bør verte blodgivar


I motsetnad til mange andre livsviktige legemidlar, kan  ikkje blod  fremstillast kunstig.
Mange kan ikkje overleve utan blodoverføring – desse er avhengig av hjelp frå blodgivarane.

Totalt er det i Norge ca 90.000 aktive blodgivarar, Helse Sunnmøre har ca 2000. Årleg sluttar ca. 15% av blodgivarane grunna flytting, sjukdom eller andre årsaker. Desse må erstattast. I tillegg er forbruket av blod ved norske sjukehus stadig aukande. Også i ein beredskapssituasjon er det viktig å ha nok blodgivarar tilgjengeleg. Det er i denne samanheng du kjem inn. Blodbanken treng din hjelp for å hjelpe andre.

Blod kan ikkje lagast kunstig, det må pasientane få frå friske blodgivarar.
Ved å gi blod er du med på å redde liv!

Spørreskjema for blodgivarar