•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Mork Rehabiliteringssenter

Illustrasjon - Mork Rehabiliteringssenter

 

Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Sunnmøre. Vi legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane. Rehabiliteringssenteret dekkjer eit stort geografisk område og tek mot pasientar frå sjukehusa og frå kommunane i Møre og Romsdal og Sogn og  Fjordane. 
Målsettinga for arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa rehabiliteringstilbod. Vi har fokus på respekt, brukarmedverknad, deltaking, meistring, sjølvstende og funksjon.

Behandling

  • Mork rehabiliteringssenter

    Målgruppa er pasientar med hjerneslag og hjerneskadar som treng rehabilitering som følgje av skadar i trafikken og liknande,  kreft og infeksjonar. Mork Rehabiliteringssenter behandlar flest slagpasientar mellom Bergen og Trondheim. 

     

     

     

    Totalt sett gjev Mork Rehabiliteringssenter tilbod om rehabilitering til følgjande diagnosegrupper:

    • Hjerneslag
    • Hjerneskadar
    • Omfattande skadar (multitraumer)
    • Svulstar/kreft
    • Ortopediske sjukdomar og skadar
    • Ryggmergskadar (i ein seinare fase)

     

    I tillegg til nemnde diagnosegrupper tilbyr vi også rehabilitering i andre tilfelle som inneber behov for rehabilitering.

     

    Måldag

    Avdelingsrådet har møte annakvar veke og har følgjande deltakarar: Leiande fysioterapeut, leiande ergoterapeut, avdelingssjukepleiar, vaktmeister, sosionom, logoped og kokk med leiaransvar. Elles har vi følgjande råd/utval ved rehabiliteringssenteret: kvalitetsråd, samarbeidsutval (SAMU) og personalmøte.
     
    Vi har eiga internundervisning og har innført obligatoriske kompetansehevingsdagar på alle nivå. Dei siste seks åra har alle medarbeidarar hatt medarbeidarsamtalar.

     

    Behandlingseiningar – tilbod

    Mork Rehabiliteringssenter gir tilbod til 21 pasientar til ei kvar tid, og tilbyr følgjande typar opphald:

    • primær vurdering/rehabilitering
    • vurderingsopphald (i ein seinare fase)
    • kontrollopphald
    • rehabilitering i treningsleilegheit

     

    Teamarbeid

    Eit individuelt tilpassa rehabiliteringstilbod krev at pasient og pårørande er ein naturleg del av teamet. Ulike arenaer/metodar for samhandling er: 

    • Innkomstsamtale
    • Vurderingsmøte/målmøte
    • Heimebesøk
    • Individuell rehabiliteringsplan
    • Individuell plan
    • Sluttevalueringsmøte. Tverrfagleg sluttrapport vert utarbeidd til alle pasientar

     

    Teambygging

    Følgjande yrkesgrupper arbeider ved senteret: Sjukepleiarar, sosionom, lege, legespesialist, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped, vernepleiarar og hjelpepleiar. Nevropsykolog og psykolog vert leigde inn ved behov.

     

    Familie- og pårørande

    Arbeid med familie og pårørande er eit satsingsområde for rehabiliteringssenteret, og desse vert rekna som ein ressurs i rehabiliteringa. Dei kan delta i rehabiliteringa og bu ved senteret når dei måtte ønskje det. Vi arrangerer også familie- og pårørandeseminar.

     

    Fasilitetar

    • Einerom med eige bad/toalett og tilrettelagde for rehabilitering, telefon
    • varmtvassbasseng
    • Lyse og trivelege fellesrom
    • Treningsleilegheit
    • Treningskjøken
    • Fagbibliotek – internett
    • Flott uteområde til turar, trening og rekreasjon

     

     Bassenget på Mork rehabiliteringssenter

     

    Hospitering

    Tilsette i kommunane og andre får høve til å hospitere ved rehabiliteringssenteret. Vi skreddarsyr opplegg ut frå ønskjer og behov.

     

Organisering

  • Mork Rehabiliteringssenter er ei sjølvstendig eining i Helse Sunnmøre under leiing av Mona Ryste. Vi ønskjer å organisere avdelinga slik at det kreative mangfaldet i avdelinga vår vert utløyst. Dette gjer vi best ved å ha ein flat struktur og legge til rette for at heile avdelinga skal mobiliserast for å gi det beste tilbodet til pasientane våre.
     
    Det viktigaste er likevel å utforske pasienterfaringane for å betre brukarmedverknaden og samhandlingsprosessane internt og eksternt. Derfor har vi gjennomført brukarundersøkingar dei ti siste åra, og desse er det viktigaste grunnlaget for evaluering. To dagar i året samlast alle medarbeidarane til måldagar, der vi evaluerar tilbodet vårt og finn fram til nye satsingsområde og mål. 
     
    Avdelingsrådet har møte annakvar veke og har følgjande deltakarar: Leiande fysioterapeut, leiande ergoterapeut, avdelingssjukepleiar, vaktmeister, sosionom, logoped og kokk med leiaransvar. Elles har vi følgjande råd/utval ved rehabiliteringssenteret: kvalitetsråd, samarbeidsutval (SAMU) og personalmøte.
     
    Vi har eiga internundervisning og har innført obligatoriske kompetansehevingsdagar på alle nivå. Dei siste seks åra har alle medarbeidarar hatt medarbeidarsamtalar.

     

Lenker

Nytt frå avdelinga

  • Rehabiliteringsveka 2009 ved Mork Rehabiliteringssenter

    08.10.2009

    I samband med Rehabiliteringsveka 2009 inviterer Mork Rehabiliteringssenter til innhaldsrike dagar med temakveld for pasientar og pårørande, utedag og personal seminar. Tilsette i Helse Sunnmøre som vil delta på personalseminaret kan ta kontakt.  Les ..

  • Naturen som rom for rehabilitering

    17.11.2008

    Mork Rehabiliteringssenter vil vidareutvikle tilbodet til rehabiliteringspasientane med å i endå større grad nytte naturen som rom for rehabilitering. Fysioterapeut Nina S. Schriver frå Århus Universitet skal halde kurs for alle tilsette på Mork ..

Kontakt oss