•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

AMK Sunnmøre - Ålesund

Illustrasjon - Anestesiavdelinga

 

AMK Sunnmøre er ein del av Anestesiavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Dette er ein alarm-sentral som betjener det viktige nødnummeret 113; samt viktige koordineringsfunksjoner for ambulanse, luftambulanse og flyambulanse.

Sentralen er døgn-bemanna med høgt kvalifisert helsepersonell som kan gje viktige råd til innringarar som er i nød.

I tillegg til å svare på 113, har AMK Sunnmøre også ansvar for å formidle legevaktstelefonar for kommunar som Helse Sunnmøre samarbeider med.

Nyttig informasjon

  • Medisinsk nødtelefon 113 - helsehjelp utan tap av tid når tida tel!


    Ring 113 når du trur liv eller helse er trua ved akutt sjukdom eller ulykke.

    Gi kortfatta informasjon om:
    - kvar hendinga er
    - kva for eit telefonnummer du ringer frå (og kven du er om tida tillet det)
    - kva som er problemet - situasjonen på staden.


    Den du har kontakt med vil syte for at hjelp blir varsla. Samstundes kan du halde kontakten og få instruksjon eller råd om kva du kan gjere til hjelpa kjem fram.
    Ved ulykke vil 113 varsle 112 (politi) og 110 (brann).

    Bruk legevakttelefon for din kommune eller din fastlege når du trur det ikkje hastar mykje med å få hjelp.


    Ved akutt sjukdom som til dømes sterke smerter i brystet i meir enn 5 minutt eller ved mistanke om hjerneslag, bør du nytte 113. 
     

    Når nokon uventa fell om, er utan medvit og ikkje pustar normalt:  Ring 113 og start Hjarte-Lunge-Redning.

     
    Du kan få instruksjon om kva du skal gjere av den som svarar på 113.

     

    Det er til ei kvar tid 2 operatører i AMK som kan svare på telefonar.

     


     

     

Diagnosar

Hjerte-Lunge Redning

  • Er pasienten livløs - UNDERSØK - start HLR - ROP PÅ HJELP!