•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Kjevekirurgisk seksjon - Ålesund

Illustrasjon - Ortopedisk avdeling

 

Seksjonen behandlar sjukdom i munn, tenner og kjevar. Pasientane kjem både frå Sunnmøre og andre regionar.

Nyttig informasjon

  • Seksjonen inngår organisatorisk i Ortopedisk avdeling og har sin sengepost i Ortopedisk sengepost 1 i 5. etg i Sentralblokka. Poliklinikken er plassert i Sentralblokka i 1. etg mot nord.

    Avdelinga har opplæring av tannlegar under spesialistutdanning i oralkirurgi og oral medisin.

    Det er pasienten sin tannlege eller lege som heviser til kjevekirurgisk poliklinikk.

    Dei fleste konsultasjonar og operasjonar er planlagde, men i nokre tilfelle kan oralkirugen også bli tilkalla ved akutt skade i munnhole og kjeve.

     

Diagnosar

  • Diagnosar hos kjevekirurgsik seksjon er mange og omfattande. Kjevebrot og feilstillingar i kjeven er vanlege lidingar som krev ofte krev kirurgisk behandling

     

Undersøkingar

  • Undersøkingar

    Utgreiing av sjukdom/skade i munn og kjeve starar gjerne ved kjevekirurgisk poliklinikk. Der startar spesialisten med undersøking av pasienten. Pasienten sit i ein tannlegestol og spesialisten ser og kjenner på pasienten i aktuelt sjukdomsområde.

     

    Undersøkingar med bilete blir ofte brukt for å stille ein dianose. Røntgen blir i dei fleste tilfelle brukt. Elles bruker ein ultralyd, CT, MR, og scintigrafi. Ved nokre anledningar nyttar oralkirurgen også blodprøvar for å stille diagnosen.  

     

Behandling

  • Vi utfører behandling av kjevebrot og andre skadar, kirurgisk behandling av kjeveanomaliar og rekonstruksjonar av kjevane. Avdelinga har stor poliklinisk aktivitet med tannimplantatbehandling samt andre kirurgiske inngrep i munnhola. Tannklinikken inngår som ein fagleg del og blir administrert av avdelingen. Tannbehandling i narkose blir utført på spesielle pasientgrupper og spesielle indikasjonar.