•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Revmatologisk avdeling - Ålesund

Illustrasjon - Revmatologisk avdeling

 

Revmatologisk avdeling er ei spesialavdeling for pasientar med revmatiske sjukdommar. Den er den einaste av sitt slag i fylket.

Avdelinga har sengepost med seks plassar, dagavdeling to dagar i veka (seks plassar) og poliklinikk. Mesteparten av undersøking og behandling skjer poliklinisk.

 

Mål og visjonar for revmatologisk avdeling:
Avdelinga si målsetting er å gje pasientar med betennelsesaktige ledd- og bindevevssjukdommar eit optimalt tilbod i høve til diagnostikk, behandling og oppfølging.

Å gje pasient og pårørande opplæring om sjukdommen slik at dei aktivt kan medverke i behandlingsopplegget og leve best mogleg med sjukdommen.

Å sørgje for at avdelinga har velkvalifiserte fagpersonar, sørgje for fagutvikling og vekst i fagmiljøet gjennom internundervisning, rettleiing og kurs.

Arbeide for god samhandling mellom avdeling, primærhelseteneste og pasienten sjølv.

 

Behandlingseiningar

Organisering

  • Avdelingssjef Karen Irgens, revmatologisk avdelingAvdelingssjef: Karen A. Irgens      
     
     
    Avdelingsråd:

    Karen A. Irgens, avdelingssjef

    Bjarte Aksnes, overlege

    Randi Ørstenvik, oversjukepleiar

    Eli Hals, avdelingssjukepleiar
                        
     

     

     

     

    Avdelinga arbeider tverrfagleg. I tillegg til legar og sjukepleiarar, har vi fysioterapeut, ergoterapeut og revmakirurg som er knytt til avdelinga.
     
    Det er ca 20 årsverk knytt til revmatologisk avdeling.

     

Lenker

Kontakt oss

Nytt frå avdelinga