•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Operasjonsavdelinga - Ålesund

Illustrasjon - Operasjonsavdelinga

 

Operasjonsavdelinga ved sjukehuset i Ålesund har gjennom mange år vore både fagleg og organisatorisk av dei mest innovative i landet. Vi har ofte vitjing fra andre sjukehus, både av legar og sjukepleiarar som anten jobber som vikarer eller kjem for å hospitere for kortare tid

I 2006 blei det utført nesten 6000 forskjellige operasjonar i avdelinga, mellom dei er ca 1700 dagkirurgiske inngrep.

Vi har mest planlagte operasjoner, men også mange akuttoperasjoner. Vi har døgnvakt, så her er alltid personale til å ta imot deg dersom du treng hjelp. Operasjonsavdelinga ligg i 2.etasje i den lave austblokka og har 13 operasjonsstover, mellom dei 2 stover til rein dagkirurgisk verksemd.

Behandlinseiningar

  • Sterilforsyningsavdeling - Ålesund

        Sterilsentralen har ansvar for reingjering/desinfeksjon, vedlikehald, kontroll og sterilisering av kirurgiske instrument og utstyr for heile sjukehuset.   Arbeidet i sterilforsyningsavdeling er ein svært viktig del av det ..

  • Dagkirurgi - Ålesund

      Dagkirurgisk avdeling har eiga overvakingseining i 1.etg. der pasientar held til, før og etter behandling. Behandlingane går føre seg på to operasjonsstover i 2.etg.    ..

  • Operasjonsstover - Ålesund

      Operasjosstova er inndelt i fire seksjonar der diagnose er avgjerande for kva seksjon nettopp du skal behandlast ved.   Seksjonane er:Ortopedisk seksjon, Uro og gynseksjon, Endokrin seksjon og Gastro kar thorax seksjon ..

Organisering

  • Avdelingssjef: Vidar Punsvik:spesialist i generell og ortopedisk kirurgi
    Avdelingssjef skal i følgje gjeldande organisasjonsplan vere kirurg.

     

    Operasjonsavdelinga består av tre einingar med kvar sin avdelingssjukepleiar:
    Hovedoperasjon:    Annbjørg Flisnes
    Dagkirurgi:            Gunn Bente Solevåg
    Sterilforsyning:       Kari Helgesen

     

    Totalt tal på årsverk i avdelinga er 50, fordelt på 62 tilsette; spesialsjukepleiarar, reinhaldarar, sterilsentralteknikarar og portør.

    Legane som opererer er tilsett i kirurgisk eller ortopedisk avdeling.

     

Lenker

Kontakt oss

  • All kontakt med operasjonsavdelinga skal skje via sentralbordet:

     

    Telefonnr.:   70 10 50 00

     

    Adresse:

    Helse Sunnmøre HF

    Ålesund sjukehus

    Operasjonsavdelinga        

    6026 Ålesund