
Alle gravide får tilbod om ultralydundersøking mellom veke 17 og 20 i svangerskapet. Du vert tilvist av lege/jordmor ved første svangerskapskontroll. Undersøkinga vert utført av spesialutdanna jordmødre.
Formål med undersøkinga er først og fremst å gi ein sikker termin. Vi undersøker antal foster, kvar morkaka ligg, fosteret sin anatomi og om det er normal mengde fostervatn. Fosterets kjønn har som regel inga medisinsk betydning, og vert difor ikkje opplyst rutinemessig. Det er ikkje haldepunkt for at ultralyd er skadeleg.