•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Ventetider

Alle som blir tilvist til sjukehus har rett til å få sin helsetilstand vurdert innan 30 verkedagar. Sjukehuset avgjer om det er behov for helsehjelp og opplyser om når pasienten kan forvente behandling. Vurderinga baserer seg på tilvising frå lege. Det inneberer ikkje at pasienten har rett til endeleg diagnose eller time til undersøking eller behandling innan 30 verkedagar. For dei pasientane som skal ha helsehjelp skal sjukehuset avgjere om pasienten har rett til prioritert behandling. For pasientar i denne gruppa gjeld visse kriterier for fastsetjing av frist for behandling eller oppstart av utgreiing.

 

For barn og unge under 23 år med psykiske eller rusrelaterte lidingar, gjeld ein spesiell ventetidsgaranti. Dei har rett til å få sin helsetilstand vurdert innan 10 dagar og få behandling innan 65 virkedagar (tre månader).

 

For at vi skal kunne setje rett behandlingsfrist og gi pasientar som treng rask behandling, tilbod om dette - er det viktig at tilvisinga som blir send til sjukehusa, er nøyaktig og fullstendig, slik at spesialisten kan gjere ei så god vurdering av pasienten som råd er.

 

Merk at ventetidene som er oppgitt er gjennomsnittleg reell ventetid, då ventetidene for den enkelte pasient blir fastsett individuelt. Diagnosen, situasjonen til pasienten med meir, avgjer om pasienten får tilbod om undersøking/behandling raskare.

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenker til Fritt sykehusvalg:

 

Ventetider Ålesund sjukehus

Fysisk helse
Psykisk helsevern for barn og unge
Vaksenpsykiatri

Rus og avhengigheit


Ventetider Volda sjukehus

Fysisk helse
Psykisk helsevern for barn og unge
Vaksenpsykiatri

Rus og avhengigheit


Ventetider Sjøholt DPS

Vaksenpsykiatri

 

Merk at ventetidene som er oppgitt er gjennomsnittleg reell ventetid.