Pårørande sine rettar og plikter
Kven er pårørande? (Frå Lov om pasientrettigheter § 1-3)
I Lov om pasientrettigheter vert omgrepet "pasienten sine pårørande" definert slik: den pasienten oppgir som pårørande og nærast pårørande.
Dersom pasienten er ute av stand til å gjere greie for kven som er pårørande, skal nærast pårørande vere den som har mest varig og jamn kontakt med pasienten, likevel slik at det vert teke utgangspunkt i denne rekkjefølgja: ektefelle, registrert partnar, personar som lever i ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande sambuarskap med pasienten, myndige born, foreldre eller andre med foreldreansvaret, myndige sysken, besteforeldre, andre familiemedlemmer som står pasienten nær, verje eller hjelpeverje.
Informasjon til pasienten sine nærast pårørande (Lov om pasientrettigheter § 3-3)
Dersom pasienten samtykkjer til det, eller forholda tilseier det, skal pasienten sine nærast pårørande ha informasjon om pasienten sin helsetilstand og den helsehjelpa som ho/han får.
Er pasienten over 16 år og openbert ikkje kan ta i vare interessene sine på grunn av fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming, har både pasienten og dei nærast pårørande rett til informasjon etter reglane i § 3-2.
Informasjon når pasienten er mindreårig (Lov om pasientrettigheter § 3-4)
Er pasienten under 16 år, skal både pasienten og foreldra - eller andre med foreldreansvaret - informerast. Dersom pasienten er mellom 12 og 16 år, og av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer at foreldra eller andre med foreldreansvar skal få dei aktuelle opplysningane, skal dei heller ikkje få dei. Når pasienten er under 18 år, skal foreldre eller andre med foreldreansvar likevel få den informasjonen som er nødvendig for å kunne oppfylle foreldreansvaret.
Opplysingar om andre pasientar
Som pårørande vil du kanskje bli kjend med eller få kjennskap til andre pasientar enn den du er pårørande til. Det er god skikk og bruk at ein ikkje bringar vidare opplysningar om pasientar, - korkje til familie, venner eller andre pasientar.
Sjå også Lov om pasientrettar
Til toppen