•  
Til startsiden
EnglishHelse Midt-Norge

Pasient

Illustrasjon - Pasient

 

Helse Sunnmøre ønskjer å gi eit samordna tilbod til innbyggjarane på Sunnmøre. I 2003 vart difor enkelte parallelle avdelingar i Volda og Ålesund slegne saman og organiserte med ein felles avdelingssjef, men med pasienttilbod på begge sjukehusa.

Pasient hos oss

  • Akutt behandling

    Ring medisinsk nødtelefon 113 når det er behov for akutt behandling. AMK-sentralen vil då umiddelbart gi deg rettleiing og styre ambulanse eller helikopter til rett adresse.

     

    Dersom pasienten blir bringa til sjukehuset av pårørande, skal ein likevel kontakte AMK, slik at sjukehuset kan førebu seg på å ta imot pasienten.

     

    Akutt behandling skjer på alle tre nivåa: kommunehelseteneste(legevakt), lokalsjukehus og universitetssjukehus. Medisinske vurderingar ligg til grunn for kvar pasienten får behandling.

     

    Sjukehusa i Helse Sunnmøre har akuttfunksjon for dei fleste sjukdomstilstandar. Når det er nødvendig, blir pasientar sende vidare  til universitetssjukehuset i Trondheim - St. Olavs Hospital – anten direkte eller etter stabiliserande behandling ved lokalsjukehuset. Vidaresending til St. Olavs Hospital kan vere aktuelt når skaden eller skadane er svært omfattande, og når sjukdommen eller tilstanden er slik at han må behandlast ved universistetssjukehuset. 

     

    Dagbehandling/poliklinisk behandling

    Poliklinisk utgreiing, dagbehandling eller kontroll inneber ikkje innlegging på sjukehuset. Etter at fastlegen har sendt tilvising til oss, får pasienten brev frå sjukehuset om når og kvar ho/han skal møte. Brevet inneheld praktisk informasjon om mellom anna korleis ein skal kome seg til og frå sjukehuset.

     

    Nyttig informasjon før eit sjukehusbesøk, kan du òg finne i menyen til venstre og på nettsidene til kvar enkelt avdeling. Dei fleste pasientar har mange spørsmål dei ønskjer å stille, men mykje kan verte gløymt under eit kort besøk hos legen. Det kan derfor vere lurt å skrive ned på førehand det ein ønskjer å spørje om.

     

    Pasienthotell

    Åse hotell gir overnattingstilbod til alle gjestar. Inneliggande og polikliniske pasientar med tilvisning frå lege blir prioritert og booking/ rekvisisjon må ordnast frå avdelinga pasienten/ pårørande tilhøyrer.

     

    Barselhotellet disponerar 10 av hotellromma. Barselkvinna og barnet kjem hit til oss kort tid etter fødselen dersom jordmor og lege tilrår.

     

    Sjukehuset har same ansvar for pasientane på pasienthotellet som om dei er innlagde. Dei tilhører då den avdelinga dei vert innskrivne i eller flytta frå.

    Til Åse hotell

     

    Etterbehandlingsavdelinga

    Etterbehandlingsavdelinga ved Aspøy omsorgsenter er eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Sunnmøre HF og Ålesund kommune og skal lette overgangen mellom sjukehuset og eigen heim for eldre pasientar.


    Etter at pasienten har fått utgreiing, er stabilisert og har starta behandlinga kan han få tilbod om plass i etterbehandlingsavdelinga. Her er det høg fagleg kompetanse og trivlege omgivnader som vil gi betre rehabilitering for pasienten.

    Brosjyre

    Plakat

     


    Til toppen

     

Raskare tilbake

  • Tilboda i raskare tilbake omfattar:

     

    • Individuell oppfølging, avklaring og arbeidsretta rehabilitering
    • Tettare oppfølging av den sjukmelde
    • Raskare behandling hos spesialist

     

    Helse Sunnmøre HF har per i dag denne ordninga for tverrfagleg ryggpoliklinikk og tverrfagleg skulderpoliklinikk ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering og smertepoliklinikk ved anestesiavdelinga, Ålesund sjukehus.

    Tverrfagleg ryggpoliklinikk

    Tverrfagleg skulderpoliklinikk 

    Smertepoliklinikk

    Det overordna målet er å redusere sjukefråværet ved at sjukmelde raskare skal få tilbod om behandling/rehabilitering.

     

    Det er fastlegen din som vil skrive tilvising for behandling.

     

    Kontaktperson for Helse Sunnmøre er koordinator Merete Røren.

    Telefon: 70 10 57 51

    Søknadene skal adresserast til:

     

    Koordinator Merete Røren
    Helse Sunnmøre HF
    Ålesund sjukehus
    Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
    6026  ÅLESUND

     

     

     

     

Kurs

  • Kvardagen med autisme i familien.

    AUTISMEDIAGNOSE, KVA NO? Sjå link for kursinvitasjon.  Nydiagnostiserte.pdf     ..

  • Samla oversikt

       OPPLÆRINGSTILTAK MÅLGRUPPER OPPLÆRINGSKOORDINATOR AUGEAVDELINGA Nina Hjertvik Individuell skrifteleg og munteleg informasjon/ opplæring Pasienter til cataract (grå stær) ..

  • Fagdag 01. mars 2010 ved Poliklinikken i Ålesund (BUP)

    Foredrag om Resiliens. "Kva gjer at nokre barn klarer seg betre trass risiko og stress". Professor Anne Inger Helmen Borge.   Utdrag frå Helmen Borges neste bok om Resiliens.    Presentasjon av foredrag og bilder frå fagdagen i Ålesund.     ..

  • Fagdag 02. mars 2010 ved Poliklinikken i Volda (BUP)

    Foredrag om Resiliens. "Kva gjer at nokre barn klarer seg betre trass risiko og stress". Professor Anne Inger Helmen Borge.   Presentasjon av foredrag og bilder frå fagdagen i Ålesund     ..

  • Prostatakreft – kurs for menn med prostatakreft.

    Dette er eit kurstilbod for menn med nydiagnostisert prostatakreft i regi av kreftavdelinga. For kven: For menn med nydiagnostisert prostatakreft Kva kan du lære:Målet med kurset er å fremje sjølvstende og meistring av eige liv gjennom kunnskap og ..

  • Meistring og helse til pårørande til kreftpasientar

    Etter initiativ frå kreftavdelinga ved Helse Sunnmøre er det satt i gong eit prosjekt for å utvikle eit kurstilbod for pårørande til pasientar med kreft.Dei erfarer at personar som har hatt ein kreftsjukdom over lang tid, ofte fleire år, og ..

  • Vi lærer meir om Asperger

    For foreldre som har barn som får diagnosen Asperger, starter vi foreldregruppe ein gong i året. Det kan søkast om opplæringspengar for å delta på kurset når du er borte frå arbeid.  Brosjyre: Eit annleis liv?     Ressurshefte Asperger ..

  • Prostatakreft - sjølvhjelpsgruppe

    2 sjukepleiarar med lang erfaring innan sjukdommar i urinvegar har organisert ei sjølvhjelpgruppe for pasientar med prostatakreft. Gruppa er sett saman av 5-8 personar. Desse møtast regelmessig for å dele og bearbeide erfaringar, tankar og kjensler. For ..

  • Sjukeleg overvekt (adipositas)

    OPPLÆRINGSPROGRAM Opplæringsprogrammet tar utgangspunkt i at sjukeleg overvekt (adipositas) er ein kronisk sjukdom. Livsstilsendring er nødvendig for å oppnå varig og god helsegevinst og betra livskvalitet.   FORKURS Ved kirurgisk avdeling ..

  • Vi lærer meir om ADHD

    For foreldre som har barn som får diagnosen ADHD, startar vi foreldregrupper ein gong kvar vår og haust.  Det kan søkast om opplæringspengar for å delta på kurset når du er borte frå arbeid.   Brosjyre: Vi lærer meir om ADHD.    Ressurshefte Vi ..

  • Samtalegrupper for brystkreftopererte

    I samarbeid med bryst- og endokrinkirurgisk sengepost er det tilbod om samtalegrupper for dei som er operert for brystkreft. Ein sjukepleiar frå bryst- og endokrinkirurgisk sengepost, med vidareutdanning innan rettleiing, og ein kreftsjukepleiar frå ..

  • Sjøgrenkurs

    Revmatologisk avdeling arrangerer Sjøgrenkurs to gonger i året, vår og haust. Kurset går over to påfylgjande dagar.   Program for Sjøgrenkurs       ..

  • Bekhterevkurs

    Revmatologisk avdeling arrangerer Bekhterevkurs 1-2 gonger i året. Kurset går over to påfylgjande dagar.   Program for Bekhterevkurs ..

  • Leddgiktskurs

    Revmatologisk avdeling arrangerer Leddgiktskurs to gonger i året, vår og haust. Kurset går over to påfylgjande dagar.   Program for Leddgiktskurs       ..

  • Ortopedisk informasjonsdag

    Sjukepleiar Erna Sunde og sjefsfysioterapeut Oddrun Berg, har hatt fleire vellukka informasjonsdagar til pasientar som skal få utført kne- eller hofteprotese hos oss. Dette er eit kurs for pasientar som skal operere kne- og hofteproteser. Eit tilbud ..

  • Sorgstøttegrupper for barn og unge

    Sorg er reaksjon på store tap. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere frykteleg vondt. Det er vanleg å få reaksjonar når nærståande døyr. Du kan kjenne deg veldig trøytt, eller åleine, eller sint og rastlaus. Det kan vere vanskeleg å følgje med på ..

  • Opplæring/kurs

    Fagdag 01.mars 2010 ved Poliklinikken i Ålesund (BUP)   Vi lærer meir om ADHD   Vi lærer meir om Asperger                                       ..

Kontakt avdelingar

 Akutt hjelp - Ring 113

 

Lenke til NAV - Raskere tilbake

 

Koordinerande eining for ReHabilitering 


Kontaktinformasjon
Helse Sunnmøre HF
Administrasjon
6026 Ålesund
Telefon 70105000
postmottak@helse-sunnmore.no