Sjøholt distriktspsykiatriske senter (DPS) innbyr på nytt til miniseminar om sjølvhjelp på Ørskog samfunnshus onsdag 28. april kl 0900 - 1230.
Seminaret skulle opphavleg arrangerast i mars, men måtte avlysast på grunn av veg- og vertilhøva.
Med på seminaret blir Kari Strøm, dagleg leiar for Selvhjelp Norge sitt nyoppretta distriktskontor i Midt-Norge og tidlegare einingsleiar for Lærings- og Mestringssenteret i Helse Nordmøre og Romsdal. Ho vil ta for seg emnet sjølvhjelp i eit lærings-, meistrings- og folkehjelpsperspektiv. Prosjektleiar Randi Loe Muri vil presentere: "Selvhjelpsprosjekt for pårørende til mennesker med demens" i Ålesund kommune.
Sjølvhjelp er sett på den helsepolitiske dagsordenen, mellom anna gjennom Folkehelsemeldinga, Nasjonal plan for selvhjelp og St.meld. nr. 47 (2008-2009) - Samhandlingsreforma.
Korleis kan desse føringane frå sentralt hald realiserast her i distriktet? Korleis kan sjølvhjelpsarbeid vere ledd i strategiar for førebyggande helsearbeid, læring og meistring? Korleis kan sjølvhjelpsarbeid forankrast i den kommunale verksemda og på tvers av kommunegrensene, i eit samspel med andre tenestenivå og frivillige krefter? Dette er spørsmål som blir reiste under miniseminaret på Ørskog samfunnshus.
Miniseminaret er ledd i prosjektet "Samarbeid om sjølvhjelp - DPS som iniativtakar" som blir drive av Sjøholt DPS med støtte frå Helsedirektoratet. Særskilt innbedne til seminaret er ordførarar og rådmenn, folkehelsekoordinatorar saman med sine overordna, psykiatritenestene, frivilligsentralane og lokallag av brukarorganisasjonar i Sjøholt DPS sitt opptaksområde: Norddal, Stordal, Stranda, Sykkylven, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund. Men alle interesserte er elles velkomne!
Program til miniseminaret (pdf)