
Volda DPS gir tilbod om utgreiing og behandling av ulike typar psykiske lidingar.
Vårt opptaksområde er kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.
Seksjonen har poliklinikk og sengepost.
Til Volda DPS poliklinikk
Til Volda DPS sengepost
Kontakt oss
Telefon: 70 05 86 60
Besøksadresse: Kløvertunvegen 1
Postadresse: Helse Sunnmøre HF, Volda sjukehus, Boks 113, 6101 Volda
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Korleis søke til seksjonen?
Det skal nyttast ordinær søknad. Det kan søkjast om behandling ved poliklinikken eller opphald i døgnavdelinga frå psykiatriteneste, fastlege eller andre instansar, men opplysningar frå fastlege skal alltid leggast ved søknaden.
Lokalisering
Seksjonen er lokalisert i sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn sengeposten i 1. etasje og poliklinikken i 2. etasje.
Øh-hjelp/krisetilbod
Poliklinikken har tilbod om hastevurderingstimar kvar dag, måndag - fredag.
Døgnavdelinga har tilbod om kriseseng etter nærare avtale for pasientar som tidlegare har vore innlagt i avdelinga.
Ved behov for akuttinnleggingar i psykiatrisk avdeling kan sjukehuset i Ålesund kontaktast.
Organisering
Poliklinikken er samansett av desse fire teama: rehabiliteringsteam, allmennteam, gruppebehandlingsteam og rusteam. Teama er tverrfagleg samansett og har psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, sosionom og evt. barnevernspedagog og lege/psykiater knytt til teama.
Døgnavdelinga/sengeposten er delt i team A og team B, og har til saman 19 plassar. Vi gir eit tverrfagleg behandlingstilbod og har tilsett psykiatrisk sjukepleiar, sosionom, psykiatrisk hjelpepleiar, aktivitør, ergoterapeut, fysioterapeut, musikkterapeut, psykolog og psykiater i døgnavdelinga/sengeposten.
Konstituert seksjonsleiar
Ragnar Marøy, telefon 70 05 86 60.