Hopp til hovedinnhold

Vegsund distriktspsykiatriske senter (DPS)

Illustrasjon - Vaksenpsykiatrisk avdeling

 

Vegsund DPS er eit av tre distriktspsykiatriske senter på Sunnmøre. Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem. Opptaksområdet er kommunane Giske, Hareid, Sula, Ålesund indre og Ålesund ytre.

Nyttig informasjon


  • Kontakt oss

    Telefon: 70 10 67 60
    Besøksadresse: Vegsundvegen 68
    Postadresse: 6020  ÅLESUND
    E-post: psyksenter.vegsund@helse-sunnmore.no

    Personopplysningar må ikkje sendast med e-post.

    Vegsund distriktspsykiatriske senter

     

     

     

     

    Senteret har planlagde opphald etter søknad frå ein tilvisar.

    Pasientane kjem både direkte frå heimen og frå avdelingar ved sjukehus. Ved overføring frå andre avdelingar, kan Vegsund vere ein “mellomstasjon” for at pasienten skal bli betre før heimreise.

    Vi gir ikkje strakshjelp. Det gjer derimot dei psykiatriske seksjonane ved Ålesund sjukehus.

    Hit kjem pasientar med alle slags psykiske tilstandar/sjukdommar, og senteret har hovudsakleg frivillige opphald. Opphaldslengda er vanlegvis  2-6 veker.

     

    Senteret er delt slik:
    Post A med 6 behandlingsplassar.
    Post B med 13 behandlingsplassar.

     

    Fasilitetar:

    • Alle pasientar har einerom.
    • Nokre må dele bad med ein medpasient.
    • Vi har ikkje røykjerom. Røyking skjer på tilviste plassar utandørs.
    • Senteret har også fleire aktivitetsrom, stove/allrom på kvar post
    • Vi har eit fint uteområde.
    • Vi tilbyr utlån av syklar, ski og anna fritidsutstyr.
    • Senteret har tilgjenge til båt med påhengsmotor. 

     

    Kva er viktig for deg å ta med?

    • Medisinen du bruker til dagleg i orginal emballasje (medisinøskjene), ikkje dosett.
    • Skriftleg oversikt over medisin du bruker (frå fastlegen eller heimesjukepleia/psykiatritenesta).
    • Kopi av individuell plan dersom du har det.
    • Klede og fottøy som passar til turgåing og til fysisk aktivitet innandørs. Du kan nytte vaskemaskin og tørketrommel i avdelinga. 
    • Bøker, handarbeid, musikk og liknande. Du har fritid om kvelden og i helgane.
    • Vekkjarklokke. 

     

    Kvar ligg Vegsund DPS?

     Sjå gule sider.

    Senteret er merkt med raud markør.

     

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.

     

    Korleis søkje til senteret? 

    Du tek kontakt med lege, psykolog eller annan behandlar som skriv søknad for deg.
    Ho/han (tilvisar) sender søknaden til Vegsund distriktspsykiatriske senter, 6020  ÅLESUND


     

    Søknaden bør innehalde:

    • Bakgrunn: Samlivsstatus, ev. born, bustad, utdanning/arbeid/trygd.
    • Aktuell sjukdom og behandling.
    • Mål for opphaldet.
    • Ønske om kor lenge opphaldet skal vare.
    • Medikamentopplysningar: Desse må vere presise, fullstendige og oppdaterte!

     

    Kva skjer vidare med søknaden ?

    • Registrering ved Vegsund DPS.
    • Vurdering av behov og mogleg tilbod.
    • Eventuelt poliklinisk forvernsamtale.

     

     

    Alternative tilbakemeldingar :

    • Tildeling av opphald: Brev til pasient og tilvisar.
    • Avslag: Brev med grunngjeving til tilvisar og pasient.
    • Dersom søknaden er ufullstendig eller uklar, sender vi førespurnad til tilvisar om tilleggsopplysningar.


    Dersom du har fått tilbod om opphald hos oss, og ikkje ønskjer dette, ringjer du og gir melding om det på telefon 70 10 67 60.

     

    Brosjyre

    Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagde ut i pdf-format.

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.

    Brosjyre om Vegsund DPS.

     

Diagnosar

  • Vi handterer psykiske lidingar som til dømes:

    • angstlidingar
    • stemningslidingar
    • psykosar
    • personlegdomsforstyrringar
    • posttraumatiske stresslidingar
    • spiseforstyrringar
    • rusproblem
    • speleavhengigheit
    • krisereaksjonar
    • tilpassingsforstyrringar

     

    Du kan finne meir generell informasjon om psykiske lidingar her:

    Helsebiblioteket

    Helsedirektoratet

     

Utgreiing og behandling

  • Innkomst i avdelinga

    Når du kjem til avdelinga, vil du bli teken imot av ein sjukepleiar eller hjelpepleiar. Du blir vist rommet ditt, og du får tilbod om ei omvisning i avdelinga. Du får vite at der er ein informasjonsperm om avdelinga.  Miljøpersonale vil prøve å svare på spørsmål du har.

    Pasientrom Vegsund DPS Fellesrom Vegsund DPS
    Pasientrom Vegsund DPS Fellesrom Vegsund DPS

    Du får ein innkomstsamtale med ein behandlar (lege eller psykolog) og ein frå miljøpersonalet ein av dei første dagane.. Ofte skjer dette den første dagen. Her snakkar vi om årsaka til innlegginga, og om mål og planar for opphaldet.

     

    Behandlingstilbodet

    Vi har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene samarbeider med deg for å oppnå best mogleg resultat for deg.

    Alle pasientar får  behandlingsansvarleg lege eller psykolog, kontaktsjukepleiar og miljøkontakt. Ditt behandlingstilbod blir utarbeidd i samråd med deg og medlemmene i teamet. Du får tilbod om samtalar med behandlar og miljøpersonale.

    Vi har eit  program som gjeld for alle pasientar i avdelinga. Dette har vi oppskrive på ein plan for veka. Det er tilbod som vi meiner er nyttige for mange pasientar med ulike tilstandar.

     

    Behandling i gruppe Biljardspeling i hallen Frå terrassen og uteområdet
    Behandling i gruppe Biljard i hallen. Frå terrassen og uteområdet

    Vi tilbyr mellom anna:

    • Rørslegruppe
    • Avspenningsgruppe
    • Turar ut (fjellturar, båtturar, turar i skog og mark med meir)
    • Individuelt opplegg for meistring
    • Aktivitetsavdeling
    • Gruppeterapi
    • Humortime
    • Undervisning
    • Diverse kurs        

    Dette får du vite meir om når du kjem til avdelinga. Dersom du har andre avtalar, tek du dette opp med kontaktpersonen din på førehand. Vekeplanen kan spesialtilpassast for deg.

    Vi ser det som ein føresetnad at du følgjer behandlingsopplegget for å få nytte av opphaldet.

     

    Permisjon

    Etter vår erfaring er det nyttig for mange pasientar å dra heim på permisjon. Du vert oppfordra til å dra heim av og til, for å prøve ut korleis det fungerer heime.

     

    Samarbeid med pårørande

    Ofte kan det vere eit ønske om å kalle inn nokon av dine næraste til ein felles samtale. Dette kan vere eit ønske frå både deg, dine næraste og oss. Alt skjer i samråd med deg.  Det kan til dømes vere nyttig å informere dine næraste om planar etter utskrivinga, eller å få informasjon som er avgjerande for vurdering av diagnose.

      

    Opphaldslengd

    Kor lenge du skal vere på Vegsund, er avhengig av målet for opphaldet ditt. Til vanleg  er opphaldslengda mellom 2 og 6 veker. Utskrivingsdato får du vite før innlegginga (i svarbrev) eller når du kjem til Vegsund.

     

    Ulike opphaldstypar

    Det er viktig at du, dine pårørande og vi som arbeider her, ser likt på kvifor du er innlagd, og kva vi skal gjere under opphaldet.

     

    Vurderingsopphald (3–6 veker) der vi samlar opplysningar om plagene dine og vurderer dei i høve til:

    • Diagnose
    • Framtidsutsikter/prognose
    • Behandlingsval

     

    Behandlingsopphald (2–4 veker):

    • Stabilisering: Med dette meiner vi alle tiltak: medikament, samtalar, aktivitetar og liknande som gjer symptom ved til dømes angst, depresjon og psykose lettare.
    • Rehabilitering: Med dette meiner vi tiltak og tilrettelegging som gjer at du kan styre økonomien din, at du lettare finn deg til rette i bustaden din, at forholdet ditt til familie, venner og anna sosialt nettverk fungerer, og at du har omsorg for deg sjølv.
    • Informasjon og opplæring: Dette tiltaket tek sikte på at du skal bli flinkare til å meistre plagene dine.
    • Aktivisering/motivering: Dette skal støtte og motivere deg til å drive fysisk aktivitet, til å vere sosial og kreativ, og til å gjennomføre eit behandlingsopplegg som du i utgangspunktet kanskje ikkje føler for.

     
    Alle opphald har innslag av alt dette, i større eller mindre grad. Men ofte vil ein av desse opphaldstypane dominere.

     

    Kriseseng

    I ein avgrensa periode etter utskriving kan det avtalast kriseseng.

     

    Husreglar

    Husreglar:

    Behandlingstid:

    Behandlingstida er mellom kl 0800 og 1600. På vekeplanen finn du tidspunkt for måltid og faste, felles aktivitetar. Dette gjeld for alle. Unntak kan gjerast etter avtale.

     

    Besøkstid:

    På kvardagar er det besøkstid mellom kl 1600 og 2100, i helgane mellom kl 1200 og 2100. Besøk kan avtalast spesielt utanom desse tidene.

     

    Utgang og permisjonar:

     

    Skjer etter avtale med personalet. Vanlegvis får du ikkje permisjon den første helga under opphaldet.
    Telefon:

    Viss ikkje anna er avtalt, skal mobiltelefonar vere av i behandlingstida.

     

    Sosialt samvær:

    Føregår i fellesrom.

     

    TV og radio:

    Er ikkje i bruk i behandlingstida.

     

    Røyk og rusmidlar:

    Røyking på tilviste plassar utanfor huset. Bruk eller oppbevaring av alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate.  Bagasjen du har med deg, kan bli sjekka. Oppbevarte rusmiddel vert inndregne. Det kan bli teke alkotest, urinprøve eller blodprøve dersom det er mistanke om rusing.
    Alt i samråd og med løyve frå pasienten.

     

     

    Brot på husreglane kan føre til utskriving.

     


    Utreise

    Før utskriving har du ein samtale med behandlingsansvarleg og kontaktsjukepleiar. Fokus blir kva nytte du har hatt av opphaldet, og utfordringar etter utreise. Du får med deg ei oversikt over  medisin du har no, oversikt over oppfølging og eventuelt resept på ny medisin som du har starta med i avdelinga. Dersom du ikkje har ein individuell plan, og ønskjer å få det, kan vi hjelpe deg å starte dette arbeidet.

    Før utreise kan det vere aktuelt å ha eit samarbeidsmøte mellom deg, oss, det kommunale hjelpeapparatet ditt, og eventuelt andre for å planleggje heimesituasjonen. Saman med deg førebur vi kva saker vi vil ta opp på møtet. Kommunen og andre kan også kome med innspel om kva som er viktig å snakke om. Dette blir teke opp viss du samtykkjer. Dersom du ikkje har oppfølging frå kommunen eller andre aktuelle hjelpeinstansar (f.eks. psykiatrisk poliklinikk), og du synest du treng det, kan vi hjelpe med å formidle kontakt.

    Dersom du har behov for det, kan du bruke eit av tilboda som Vegsund DPS har etter utskriving. 

     

    Oppfølging etter utreise

    Ved senteret oppheld du deg nokre veker, men det er heime du er mesteparten av tida. Etter utskriving kan det vere behov for vidare oppfølging frå Vegsund DPS i kortare eller lengre tid. Det er heller ikkjje alltid det beste tilbodet å vere døgnpasient. For mange kan det i ein periode vere aktuelt å få meir hjelp og støtte i heimesituasjonen. I den samanheng kan vi tilby tenester frå Vegsund DPS, i samarbeid med pasient og førstelinjetenesta.

     

    Tilbod utan innlegging

    • Ettervernsgruppe.
    • Polikliniske samtalar etter utskriving med for eksempel lege, psykolog, fysioterapeut eller sjukepleiar.
    • Ambulante tenester. Oppfølging av pasientar heime etter avtale med førstelinjetenesta. Dette kan vere til dømes samtalar med pasient og familie, rettleiing til  hjelpeapparat, deltaking i ansvarsgruppemøte med meir.
    • KID-kurs (kurs for deprimerte).

     

    Med  ordet oppfølging meiner vi altså den samla hjelpa du får over tid hos ein eller fleire av desse instansane i den tida du bur heime:

    Ulike instansar:   

    Døme på kva hjelp du kan få der:

    Fastlege Vurdering og informasjon om diagnose og behandling, medisinvurdering, reseptar, sjukmelding, legeerklæring, hjelp for kroppslege sjukdomar, blodprøver med meir.
    Psykiatrisk heimesjukepleie  Samtale, støtte, trening av ulik art, koordinator for individuell plan osv.

    Psykiatrisk dagsenter  Aktivitetar, samtalegrupper, turar, sosial omgang med meir.

    Heimesjukepleie 

    Tilsyn, medisinutdeling, stell og pleie osv. 

    Psykiatrisk poliklinikk  Samtalar hos behandlar, gruppeterapi med meir.. 
    Sosialkontor  Økonomisk stønad, tildeling av støttekontakt osv.
     
    NAV trygd Attføring, uføretrygd osv. 
    NAV arbeid Tidlegare arbeidskontor. Arbeidsutprøving, attføring, hjelp til å kome i arbeid eller aktivitet med meir.
    Andre instansar Rusinstitusjonar, barnevern, familievernkontor, privatpraktiserande psykologar  og andre behandlarar osv.


    Mange pasientar opplever i periodar forverring av plagene sine. Oppfølging tek sikte på å hjelpe deg også i desse periodane. Ta difor kontakt med dei instansane som følgjer deg opp når du kjenner at det røyner på.

     

    Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:

    www.helsebiblioteket.no

    www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse

     

Kurs

  • Depresjonsmeistring

    01.10.2010

    KID - kurs i meistring av depresjon hausten 2010. Kurset er utarbeidd for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemt på ein slik måte at det går ut over evna til å fungere og kvaliteten på livet. Kursdeltakarane kan tilvisast til kurset frå fastlegen sin ..

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13

 

 

 

 

 


Telefon               

Vegsund DPS 

70 10 67 60

 

 

 

 

   

 

 

 

Brosjyre om Vegsund DPS

 

Brosjyre om kurs i depresjonsmeistring (KID)