I arbeidet vårt med pasientane er følgjande målområde aktuelle: Diagnostiske avklaringar, behandling og rehabilitering. Vi ønskjer at pasienten skal oppleve symptomlette, betre funksjonsnivå, og at han/ho skal kunne meistre livet betre.
Måla kan vere:
Vurdering: Avklaring av diagnose, behandling og prognose.
Stabilisering: Vedlikehald av funksjonar og stabilisering etter akuttfase.
Aktivisering: Betring av funksjon i fysisk og sosial aktivitet.
Medisinjustering.
Rehabilitering: Fokus på fleire funksjonsområde med tanke på størst mogleg sjølvstende og best mogleg fungering i eigen heim. Til dette tilbyr vi opphald over lengre tid.
Avlasting: Her gir vi pasienten eller pårørande ein pause for å førebyggje forverring og styrkje pasienten sitt nettverk.
Om å vere pasient ved Sjøholt DPS
Den dagen du skal innleggjast, er det ønskjeleg at du kjem så tidleg på dag som mogleg, helst før kl 1300.
Vi bed om at du tek med deg dei medisinane du bruker. Ta også med individuell plan dersom du har fått utarbeidd ein slik.
Vi har ulike aktivitetar som turar, bading i basseng, og gymnastikk. For å kunne delta i desse, treng du eigna klede (badetøy, turtøy) og sko (tursko).
Kjem du til Sjøholt DPS, er du her for å arbeide med deg sjølv i eit aktivt miljø. Du er den som kan gjere behandlingstilbodet til vektøy i din eigen behandlingsprosess. Du er den som kjenner deg best, og som veit mest om problema og ressursane dine. Bruk desse kunnskapane og ressursane, også når du er pasient!
Ein viktig del av behandlinga er å ta del i ulike aktivitetar.. Det blir lagt stor vekt på fysisk aktivitet, som kan gjere mykje godt også for den psykiske helsa. Dags- og vekeprogrammet blir utforma i samråd med miljøpersonalet, og i størst mogleg grad tilpassa måla for opphaldet.
Som pasient får du din eigen primærkontakt i miljøpersonalet. Saman med behandlande lege/psykolog og anna personale vil primærkontakten følgje deg opp og – der det er ønskjeleg – leggje til rette for samarbeid med andre instansar.
Vår felles oppgåve er å vere med å skreddarsy eit behandlingsopplegg som samsvarer med måla og føresetnadene dine. Behandlingsplan, miljøterapiplan og individuell plan er verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønskjer at du sjølv i størst mogleg grad er med og utformar desse planane.
I lag med pasienten arbeider vi elles aktivt med å leggje til rette for eit positivt samarbeid med pårørande.
Miljøterapi
Miljøterapi står sentralt i tilbodet. Gjennpom å delta i målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet, skal pasienten kunne oppnå å fungere betre både psykisk og sosialt. Sjøholt DPS har lokale og eit ytre miljø som eignar seg svært godt for slike aktivitetar.
Behandlingstilbodet blir individuelt tilpassa, og består elles av: medisinering, - samtaleterapi med psykiater, psykolog, miljøpersonale eller i gruppe – gymsalaktivitet, turar, symjing, forming, kreativ uttrykksterapi, arbeidstrening, rådgiving frå fysioterapeut og kurs om helse og livsmeistring.
Kontakt og samarbeid med pårørande
Som nær pårørande har du ei viktig rolle som omsorgsperson og del av nettverket rundt pasienten. Du har eineståande kjennskap til korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Du veit også mykje om kven pasienten elles har vore – og er. Dette er informasjon som kan bli til gode byggjesteinar i samband med diagnostisering, utforming av eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluering av mål og tiltak.
Opplever du sjølv behov for informasjon om diagnose og behandlingsopplegg, eller ønskjer å samtale om korleis situasjonen kan handterast på best mogleg måte, står vi til disposisjon.
Som næraste pårørande har du rett til generell informasjon. Dersom pasienten samtykkjer, har du også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og den behandlinga som blir gitt.
Oppfølging etter utskriving
Ved senteret oppheld du deg nokre veker, men det er heime du er mesteparten av tida. Med ”oppfølging” meiner vi den samla hjelpa du får over tid hos ein eller fleire av desse instansane i den tida du bur heime.
| Ulike instansar: |
Døme på kva hjelp du kan få der:
|
| Fastlege |
Vurdering og informasjon om diagnose og behandling, medisinvurdering, reseptar, sjukmelding, legeerklæring, hjelp for kroppslege sjukdomar, blodprøver etc.
|
| Psykiatrisk heimesjukepleie |
Samtale, støtte, trening av ulik art, koordinator for individuell plan osv.
|
|
Psykiatrisk dagsenter
|
Aktivitetar, samtalegrupper, turar, sosial omgang med meir. |
| Heimesjukepleie |
Tilsyn, medisinutdeling, stell og pleie osv.
|
| Psykiatrisk poliklinikk |
Samtalar hos behandlar, gruppeterapi med meir.
|
| Sosialkontor |
Økonomisk stønad, tildeling av støttekontakt osv.
|
| NAV-kontor |
Trygdeytingar, arbeidsutprøving, attføring, hjelp til å kome i arbeid eller aktivitet, informasjon om rettar med meir.
|
| Andre instansar: |
Rusinstitusjonar, barnevern, familievernkontor, privatpraktiserande psykologar og andre behandlarar.
|
Mange pasientar opplever i periodar at plagene deira vert verre. Oppfølginga tek sikte på å hjelpe deg også i desse periodane. Ta difor kontakt med dei instansane som følgjer deg opp når du kjenner at det røyner på.
Dersom du ønskjer å ta kontakt med senteret, finn du både telefonnummer, postadresse og e-postadresse på sida nyttig informasjon.
Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:
www.helsebiblioteket.no
www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse