Hopp til hovedinnhold

Rusteamet

Vurderingsinstans

Rusteamet er ein tverrfagleg spesialisert vurderingsinstans i samarbeid med Rusbehandlig Midt-Norge, og skal:

  • Vurdere om pasientar som blir tilviste, har rett til spesialiserte tenester.
  • Fastsetje frist for når ein seinast kan gi slik helsehjelp (behandlingsgarantidato).
  • Vurdere behandlingstype (poliklinisk eller døgnopphald, korttidsopphald/langtidsopphald).

Rusteamet kan også tilrå eigna behandlingsstad.

 

Poliklinisk behandling

Rusteamet tilbyr poliklinisk behandling til menneske over 15 år, som opplever eigen eller andre sin rusmiddelbruk som problematisk. Det kan vere misbruk av alkohol, medikament, illegale narkotiske stoff eller andre rusmiddel.

Målet for denne delen av arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa behandlingstilbod, som kan medverke til at pasienten meistrar rusproblema og dei psykiske lidingane sine, og at både livskvaliteten og funksjonsnivået dermed vert betre. 

Tilbodet kan inkludere individuelle samtalar, gruppeterapi og samarbeid med aktuelle instansar. Vi gir også råd og rettleiing til andre delar av hjelpeapparatet, og driv også med rusførebyggjande arbeid blant born og ungdom.

 

Teamet har eigen overlege og psykologspesialist. Personalgruppa er  tverrfagleg samansett.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 13.12.2008 20:03

Annette Furmyr