Hopp til hovedinnhold

Gruppebehandlingsteamet

Gruppebehandlingsteamet gir tilbod til menneske over 18 år med langvarige psykiske problem, og der gruppebehandling er mest tenleg.

 

I dei ulike gruppene kan pasientane medverke mykje til kvarandre sine betringsprosessar. Vaksne menneske har eit stort utviklingspotensial, og kan forandre livsførsel og åtferd med vår bistand. Særleg i samhandling med andre er det mogleg å få betre innsikt i sin eigen livssituasjon, auka livsglede, sjølvtillit, tryggleik og tilknyting., og dermed også fungere betre mellommenneskeleg.

 

Vi samarbeidar også med ulike etatar om hjelp til utdanning og rehabilitering til arbeid.

 

Gruppebehandlingsteamet i Ålesund er no tilknytt det norske nettverket av psykoterapeutiske dagavdelingar. Du finn meir om psykiatrisk dagbehandling i Ålesund på dagbehandlingsnettverk.no.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 13.12.2008 20:02

Annette Furmyr