Hopp til hovedinnhold

Mottaksseksjon vaksenpsykiatrisk avdeling

Illustrasjon - Vaksenpsykiatrisk avdeling

 

Dette er ein av dei 6 sjukehusseksjonane ved vaksenpsykiatrisk avdeling. Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem, og som treng døgnopphald. 

Seksjonen si hovudoppgåve er å ta hand om pasientane som kjem inn, og raskt vurdere situasjonen dei er i.

Mottaksseksjonen har plikt til å gi strakshjelp. Det vil sei at nesten alle pasientar som vert lagde inn i psykiatrisk avdeling, kjem innom denne seksjonen før dei eventuelt blir overflytte til andre seksjonar.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon direkte til seksjonen: 70 10 65 65
    Telefon sentralbord: 70 10 50 00
    Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026  ÅLESUND
    E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post. 

     

    Lokalisering

    Mottakseksjonen finn du i 1. etasje, inngang A i psykiatribygget. Dette bygget ligg vest for hovudsjukehuset.

     

    Busstopp

    Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå haldeplassen tek sirka 7 minutt.

     

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.

     

    Parkering

    Du kan nytte merkt parkeringsplassar aust for sjukehuset . Der er det betalingsautomat, og avgifta er på kr 10,- per time. Det tek om lag 5 minutt å gå frå parkeringsplassen til mottaksseksjonen.

     

    Betaling

    Mottaksseksjonen tek imot pasientar som anten kjem frivillig eller med tvang. Som frivillig må du dekkje reiseutgiftene til og frå sjukehuset sjølv. Sjå også drosje-/pasienttransport. Vi har ingen eigendel.

     

    Besøkstider

    Måndag-fredag:

    Laurdag og søndag: 

    kl 1800-2000

    kl 1400-1500 og kl 1800-2000

     

    Kiosk og kaféteria

    Held til hovudvestibylen og har desse opningstidene:

    Måndag-fredag:

    Laurdag:

    Søndag:

    kl 0900-1930

    kl 1000-1800

    kl 1200-1930

     

    På nordsida ved poliklinikkane er kaféteriaen open:

    Måndag-fredag:

    kl 0900-1530

     

    Røyking

    Ålesund sjukehus er røykfritt, men mottaksseksjonen har eige røykjerom for pasientar.

     

Diagnosar

  • Vi handterer psykiske lidingar som til dømes:

    • angstlidingar
    • stemningslidingar
    • psykosar
    • personlegdomsforstyrringar
    • posttraumatiske stresslidingar
    • spiseforstyrringar
    • rusproblem
    • speleavhengigheit
    • krisereaksjonar
    • tilpassingsforstyrringar

     

     

    Du kan finne meir generell informasjon om psykiske lidingar her:

     Helsebiblioteket

     Helsedirektoratet

     

Utgreiing og behandling

  • Seksjonen si hovudoppgåve er å ta hand om pasienten, og raskt vurdere situasjonen ho/han er i. Ein spesialist i psykiatri gjer ei diagnostisk vurdering og bestmmer behandlingsplanen i samarbeid med pasienten, andre behandlarar og miljøpersonell, og eventuelt innsøkjande instans.

    Mottaksseksjonen har ein seksjonsleiar, to teamleiarar, ein overlege, ein assistentlege, ein turnuslge, miljøpersonell og andre behandlarar.

     

    Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:

    www.helsebiblioteket.no 

    www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse.no

     

     

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13

 

 

 

 


Telefon               

Mottaksseksjonen

70 10 65 65