|

|
| Langtidsseksjonen på Larsnes |
Kontakt oss
Telefon direkte til seksjonen: 70 16 87 70
Pasienttelefon: 70 16 87 86
Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, vaksenpsykiatrisk avdeling, langtidsseksjonen, 6084 LARSNES
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Seksjonen har 10 sengeplassar, og ligg i landlege omgjevnader. Her er gode tilhøve for friluftsliv, turgåing og fiske. Det er kort veg til sentrum, der det er butikkar, bank, frisør, post og bibliotek.
Aktivitetar
Vi kan tilby aktivitetar som biljard, bordtennis, air-hockey, krokket, volleyball, turar, trim, bading, sykkelturar, fiske- og fjellturar, kafebesøk, kino og kulturelle aktivitetar.
Kvar finn du oss?
Langtidsseksjonen ligg på Larsnes i Sande kommune. Følg skilting mot Årvik. Det tek om lag 30 minutt å køyre til nabokommunane våre, Herøy, Hareid og Ulstein, Volda og Ørsta. Når du skal til Vanylven og Ålesund, er du avhengig av ferje. Sjå også kart på gule sider.
Busstopp
Bussen stoppar like ved ferjekaia. Gåturen frå haldeplassen til seksjonen tek sirka 5 minutt.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.
Parkering
Det er parkeringsplass rett utanfor bygget. Det er inga parkeringsavgift.
Besøk
Besøkstid kvardagar: kl 1500-2100.
Helgar: kl 1100-2100.
Mobiltelefon
Du kan nytte eigen mobiltelefon etter avtale.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagde ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om langtidsseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.