Hopp til hovedinnhold

Alderspsykiatrisk sengepost

Illustrasjon - Vaksenpsykiatrisk avdeling

 

Alderspsykiatrisk sengepost gir spesialisttenester til personar over 65 år med psykiske lidingar og til dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens, når det er behov for døgnopphald.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon: 70 16 74 00.
    Adresse: Vaksenpsykiatrisk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026  ÅLESUND
    E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

     

    Lokalisering

    Alderspsykiatrisk seksjon ligg vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus, og sengeposten held til i 1. etasje.

     

    Parkering

    Parkeringa som er nærast sengeposten, finn du rett utanfor bygget. Ver merksam på skilt om parkering og betalingsautomat. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.

     

    Busstopp

    Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå hadeplassen til sengeposten tek sirka 10 minutt.

     

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.

       

    Korleis søkje til alderspyskiatrisk seksjon?

    • Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
    • Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
    • Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.


    Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.

     

    Brosjyre

    Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagde ut i pdf-format.

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.

    Brosjyre om alderspsykiatrisk sengepost.

     

    For meir informasjon

    Seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.
    Teamleiar alderspsykiatrisk sengepost Jannike Baggetun.
    Telefon: 70 16 74 00.

     

    Til alderspsykiatrisk seksjon

     

     

Diagnosar

  • Vi handterer lidingar som til dømes:

    • alderspsykiatriske lidingar
    • angstlidingar
    • stemningslidingar
    • psykosar
    • personlegdomsforstyrringar
    • posttraumatiske stresslidingar
    • spiseforstyrringar
    • rusproblem
    • krisereaksjonar
    • tilpassingsforstyrringar  

     

    Du kan finne meir generell informasjon om psykiske lidingar her:

    Helsebiblioteket

    Helsedirektoratet

     

Utgreiing og behandling

  • Hovudmål for utgreiing

    Kartleggje ressursar og problemområde, og finne rette omsorgsnivået for pasienten.
    Godt samarbeid med pårørande, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
     

    Hovudmål for behandling

    Lækje, betre og lindre psykiske og fysiske lidingar.
    Avhjelpe sosiale problem.
    Ta omsyn til pasienten sine eksistensielle behov.
     

    Sengeposten

    Har 8 sengeplassar til saman, og vi legg vekt på fleksibel bruk av desse overfor dei ulike målgruppene.
    Opphaldslengda er 4-12 veker, kortare opphald blir vurdert ved krise/hast der problemet er kjent frå før.
    Skal gi råd og rettleie andre sengepostar ved Helse Sunnmøre der det er føremålstenleg å bruke alderspsykiatrien sine ressursar.
    Kan ikkje gi strakshjelp.
    Skal ha ambulerande funksjon der det er nyttig.

     

    Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:

    www.helsebiblioteket.no

    www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 11.01.2009 00:05

Annette Furmyr

 

 

 

 


Telefon               

Alderspsykiatrisk sengepost

70 16 74 00

 

 

 

 

 

 

Aldring og helse Nasjonalt kompetansesenter

 

Brosjyre om alderspsykiatrisk sengepost.