Hopp til hovedinnhold

Alderspsykiatrisk seksjon

Illustrasjon - Vaksenpsykiatrisk avdeling

 

Alderspsykiatrisk seksjon gir spesialisttenester til personar over 65 år med psykiatriske lidingar, og til dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens.

Seksjonen har poliklinikk og sengepost.

Til alderspsykiatrisk poliklinikk

Til alderspsykiatrisk sengepost

 

Kontakt oss

Telefon: 70 16 74 00
Adresse: Vaksenpsykiatrisk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no

Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

 

Korleis søke til alderspyskiatrisk seksjon?

  • Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
  • Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
  • Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.

 Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.

 

Lokalisering

Alderspsykiatrisk seksjon er lokalisert vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus. Alderspsykiatrisk sengepost held til i 1. etasje og alderspsykiatrisk poliklinikk i 2. etasje.

 

Kjerneoppgåver

  • Observasjon
  • Utgreiing
  • Behandling
     


Målgruppe

Menneske med omfattande utfordringar i sin demenssjukdom og/eller omfattande psykiatrisk symptomatologi. Alder er av mindre relevans.

Pasientar med alvorleg psykiatrisk liding med debut etter 65 år.

Pasientar over 65 år med alvorleg psykiatrisk liding, tidlegare sjuk, men ingen fast behandlingskontakt i vaksenpsykiatrien, eller når andre sjukdomar og/eller høg alder gjer alderspsykiatrien tenleg.

Pasientar med uklar demensdiagnose, der alderspsykiatrien rår over ressursar til å utgreie desse.

 

Du kan lese meir om alderspyskiatrisk seksjon i magasinet Sunn Møring.

  

For ytterlegare informasjon

Seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.
Teamleiar alderspsykiatrisk poliklinikk Anne Starheim.
Teamleiar alderspsykiatrisk sengepost Jannike Baggetun.
Telefon: 70 16 74 00.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 26.01.2009 08:34 Oppdatert: 12.01.2009 12:05

Annette Furmyr

 

 


Telefon               

 

Alderspsykiatrisk seksjon

70 16 74 00

 

 

 

Aldring og helse Nasjonalt kompetansesenter