Kontakt oss
Telefon: 70 16 74 00
Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Opningstid
Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800-1530.
Lokalisering
Alderspsykiatrisk seksjon ligg vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus, inngang B i psykiatribygget. Poliklinikken held til i 2. etasje.
Busstopp
Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen og bort til poliklinikken tek sirka 10 minutt.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.
Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken, finn du rett utanfor bygget. Ver merksam på skilt om parkering og betalingsautomat. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.
Betaling
Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntak for dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan du betale med bankkort eller få med deg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant ,kan du gjere det i informasjonen som ligg i hovudvestibylen på sjukehuset.
Eigendelen er kr 307,-. Eigendelstaket for å få frikort er kr 1 840,-. Du finn meir informasjon om dette hos NAV.
Korleis søkje til alderspyskiatrisk seksjon?
- Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
- Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
- Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.
Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.
For ytterlegare informasjon
Seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.
Teamleiar alderspsykiatrisk poliklinikk Anne Starheim.
Telefon: 70 16 74 00.
Til alderspsykiatrisk seksjon