(Refr: Prioriteringer av spesialisthelsetjenester og rett til nødvendig helsehjelp av 7.juli-04, Norsk Revmatologisk Forening sin tolkning av forskriften i des. 04. Linker)
Alle pasientar med inflammatoriske revmatiske sjukdommar har rett til nødvendig helsehjelp. Ein del pasientar med degenerative sjukdommar er også prioritert i revmatologi.
Revmatologiske avdelingar i Norge har stor pågang av tilvisingar, og må difor prioritere pasientane. For å gjere det på best mogleg måte er vi avhengig av gode tilvisingar fra fastlegane. Dessverre mangler mange tilvisingar viktige opplysningar. Særs viktig i vår vurdering av tilvisingane er undersøkinga som blir gjort av legen, ikkje kun pasienten si oppleving av smertene.
Ei tilvising må innehalde:
- Klar problemstilling/ anamnese med symptommønster.
- Kliniske funn ved undersøking
- Evt. Laboratoriefunn
- Evt. Røntgen u.s.
Ved mistanke om artritt/ polyartritt:
- Varigheit av leddplager
- Hovne eller ømme ledd – inklusiv klinisk undersøking
- Morgenstivheit, redusert funksjonsnivå
- Lab.funn – SR/ CRP, evt. RF/ Anti-CCP evt. relevant serologi ved mistanke om reaktiv artritt.
Ved mistanke om Mb. Bechterew:
- Inflammatoriske låge ryggsmerter
• Morgenstivheit > 30 min.
• Aktivitetslindring
• Effekt av NSAID
- Varigheit av ryggplager
- Vevstype HLA-B27
- Rtg. u.s av Iliosacral-ledd (Evt. MR eller CT)
Ved mistanke om Polymylagia revmatika/ temporalarteritt:
- SR / CRP
- Morgenstivheit
- Allmenntilstand
- Hovudverk/ synsfeltutfall
- Klinisk u.s
• Ømme Temp.arterier
• Kraftsvekking i muskulatur
Ved mistanke om Sjøgren sykdom:
- Tørre auge eller munn over 3 mnd.
- Allmennsymptom eller symptom/ funn frå andre organ
- ANA
- Medikament pasienten brukar som kan gi tørr munn
- Evt. augelege u.s.
SLE/ Andre systemiske bindevevssjukdommar:
- Allmennsymptom eller symptom/ funn frå andre organ
- SR /CRP evt CK evt. Auto antistoff ( ANA, ANCA)
- Evt. nyrefunn/ urinfunn'
Prioriteringar av spesialisthelsetjenester og rett til nødvendig helsehjelp av 7.juli-04
Prioriteringar innanfor revmatologi
Tilvisingar kan sendast til:
Revmatologisk poliklinikk
Ålesund Sjukehus
6026 Ålesund