-
Klinisk undersøking:
Klinisk undersøking er ein vesentlig del av utgreiinga ved mistanke om revmatisk sjukdom. Ved undersøking av ledda ser legen spesifikt etter om det er hevelse, varmeauke, ømheit eller nedsett funksjon i ledda, kort sagt om det er teikn til betennelse eller ikkje.
Saman med sjukehistoria er klinisk undersøking eit viktig reiskap for å stille rett diagnose og kunne gje rett behandling.
Supplerande undersøkingar blir også brukt som hjelpemiddel for å stille diagnose og vurdere behandling:
Blodprøver:
Ulike blodprøver kan være ei rettesnor som kan peike i retning av ulike revmatiske sjukdomar, men ein kan ikkje stille diagnosar utelukkande ved hjelp av blodprøver.
Bildediagnostikk:
Nokre gonger kan bildediagnostikk vere viktig i utgreiing og oppfølging.
- Ultralyd
Ultralyd blir gjort av legar på revmatologisk avdeling. Det viser kroppens blautdelar, ein kan til dømes sjå om der er pågåande leddhinnebetennelse (synovitt) i eit ledd, og ein kan sjå nøyaktig kvar betennelsen sit, og graden av inflammasjon (betennelse). Ultralyd blir også brukt som hjelpemiddel når legen skal setje sprøyte i eit ledd.
Andre gonger er det nødvendig å henvise pasienten til andre avdelingar for bildediagnostikk, til dømes røntgen, isotop eller MR-undersøking.
- Røntgen:
Røntgen er den beste undersøkinga av beinvev/skjelettviser og kan vise varige forandringar i beinvevet. Ein kan ikkje sjå blautdelane rundt ledda på røntgen. Enkelte gonger må ein ta røntgen av anna enn ledd, til dømes lunger.
CT er ei meir detaljert røntgenundersøking.
- MR:
MR-maskina består av ein kraftig magnet, ein radiosender, ein radiomottakar (antenne) og ei datamaskin. MR kan gje informasjon om aktiv inflammasjon (betennelse) i ledd eller blautdelar som senefester, slimposar og muskulatur.
Les meir om MR
- Scintigrafi:
Skjelettscintigrafi viser ei oversikt over heile skjelettet.Ved skjelettscintigrafi blir det brukt eit radioaktivt merka kjemisk stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp av beina i kroppen. Ekstra store konsentrasjonar av desse isotopane vil ein ha i beinområde med auka blodtilførsel og høg aktivitet i samband med nedbryting og oppbygging av bein. Dette vil vere område der det føreligg ein sjukdom eller ein skade. Skjelettscintigrafi kan bli brukt til å finne inflammasjon(betennelse) i skjelettet eller til å utelukke vondarta sjukdom.
Fysioterapi:
Fysioterapi inngår i den totale vurdering og behandling av pasientar med revmatiske sjukdomar. Fysioterapivurding vil difor som regel enten skje ved revmatologisk poliklinikk eller under innlegging i revmatologisk avdeling.
Revmatiske sjukdomar kan føre til smerte og funksjonsproblem i rørsleapparatet og både undersøkinga og den fysikalske behandlinga har som mål å kartlegge dette, og likeins forslå tiltak som skal verke positivt inn på funksjonsevne og livskvalitet.

Ergoterapi:
Ergoterapi inngår som ein del av det tverrfaglege tilbodet ved revmatologisk avdeling, både på sengepost og i poliklinikk. Ergoterapifaget har hovudfokus på aktivitet og ser på samanhengen mellom helse, aktivitet og miljø. Dersom den revmatiske sjukdommen medfører vanskar med å utføre daglege aktivitetar, anten det er heime, i arbeid, på skule eller i fritidssammanheng, bør vedkomande henvisast til ergoterapeut. Målet er at pasienten skal behalde livskvalitet og vere mest mulig sjølvhjelpen i daglege aktivitetar som den enkelte synest er viktige.
Ergoterapeuten bidrar med kartlegging og vurdering av funksjon, arbeid-/heimesituasjon og buforhold. Det blir gitt hjelp til søknad på tekniske hjelpemiddel og tilpassing av handskinner/ortoser.