Hopp til hovedinnhold

Ultralydundersøkingar


Ultralyd virkar som eit ekkolodd. Apparatet sender lydbølgjer inn i kroppen og registerer dei lydbølgjene som vert sendt i retur (ekkoet). Lydbølgjene blir omdanna til bilete i ultralydapparatet. Ultralyd, slik den vert nytta her, er ikkje skadeleg for kroppen.

 

KVIFOR SKAL EG UNDERSØKJAST

Undersøkinga vert gjort for å stille ein diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av behandling.

 

KORLEIS KAN EG FØREBU MEG

Dersom du skal undersøke mageregionen må du vere fastande dei siste 4 timane før undersøkinga. Dersom du skal undersøke urinblæra  skal du helst møte med full urinblære. Dette vil du få nærare informasjon om i innkallingsbrevet som du får i posten.
For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.


 

KORLEIS GÅR UNDERSØKINGA FØRE SEG

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. Det vert nytta ein gelè på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. Lydhovudet blir flytta over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

 

GJER DET VONDT

Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Dersom ein undersøker magen og du har mykje luft i tarmane, så kan du kjenne luftsmerter når ein trykkjer mot tarmen

 

KOR LENGE VARER UNDERSØKINGA

Undersøkinga varar frå 15 minutt til ca ein time, avhengig av kva for eit område som skal undersøkast.

 

KVA SKJER ETTERPÅ

Etter at undersøkinga er ferdig, blir alle bileta vurdert av ein lege (radiolog) som lagar ein skriftleg rapport om kva bileta viser. Bileta og rapporten vert lagra i dataarkivet vårt.

 

NÅR FÅR EG SVARET

Legen som har tinga  undersøkinga får svar frå røntgenavdelinga. Dette skjer vanlegvis innan ei veke. Du får vite resultatet av undersøkinga frå din eigen lege etter avtale. Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

 

NÅR KAN EG REISE HEIM

Inneliggande pasientar kan gå attende til avdelinga med det same. Andre pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelle andre avtalar på sjukehuset.  

 

 

 

Ultralydvegleda prøvetaking (biopsi)

 

 

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 13.11.2008 13:10

Marianne Ytrelid

 

 

Ultralybilete

Eks. på Ultralydbilete

 

 

Les meir om ultralyd i Pasienthandboka