Hopp til hovedinnhold

MR Undersøking

KORLEIS KAN EG FØREBU MEG

På grunn av det sterke magnetfeltet må vi bl.a. vite om du har:

  • Pacemaker
  • Innoperert høreapparat
  • Klips på blodkar i hovudet
  • Metallsplint i auget
  • Store tatoveringar
  • Er gravid

Det er svært viktig at vi veit om dette på forhånd. Vi har derfor utarbeida eit skjema "Sjekkliste før MR-undersøking", som blir fylt ut av den legen som henviser deg til undersøkinga.

  • Klokker, bank- og kredittkort kan verte øydelagt av magnetfeltet, og må derfor ikkje være med inn i undersøkingsrommet. Personalet vil sørge for at disse gjenstandane blir oppbevart trygt i ein sikkerhetsboks.
  • Metallgjenstander som f.eks. briller, kulepenner, nøkler, hårnåler og smykker, kan trekkast inn mot apparatet i stor fart og må fjernast før undersøkinga starter. Det same gjeld høyreapparater som kan forstyrrast av magnetfeltet og tannproteser, fordi disse kan inneholde metall.
  • Skal du undersøke hovudet må augesminke fjernast, da den kan inneholde små deler av metall som kan gi forstyrring i bileta.
  • Du kan ete og drikke som du vanleg.

Ved nokre undersøkingar er det nødvendig å sette ei sprøyte med kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal komme godt fram på bileta. Bortsett frå stikket i armen, gir dette vanligvis ikkje noko ubehag.

Skal du undersøkje bekkenorgana, kan det også være nødvendig å setje ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å bevege seg ei lita stund. Tarmrørsler kan ellers gi forstyrring i bileta.

 

KORLEIS GÅR UNDERSØKINGA FØRE SEG

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir førd inn i ein rørforma maskin, som er åpen i begge endar. Avhengig av kva område av kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først inn. Personalet sit i eit siderom og følgjer med deg heile tida. Du får ein liten ballong du kan klemme på hvis du vil at vi skal kome inn til deg.

Medan fotograferinga pågår høyrer du ein bankelyd i maskinen. Dette fordi maskinen registrerer signal som gjer det mulig å lage bilete. Det er viktig å ligge still medan denne bankinga foregår. Du vil få utdelt øyrepropper som demper bankelyden, eller du kan høyre på musikk.

 

GJER DET VONDT

Undersøkinga er ikkje smertefull, men det kan være vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er behageleg. Dersom du har vondt for å ligge, kan du be din eigen lege om ekstra smertestilling eller avslappande medikament før du skal til undersøkinga. Dersom du har vanskar med å være i trange rom (har klaustrofobi), kan også avslappende medikament på førehand vere ein god idé.

 

KOR LENGE VARER UNDERSØKINGA

Tida kan variere frå 20 min. - 1 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ha

 

KVA SKJER ETTERPÅ

Etter at undersøkinga er ferdig, blir alle bileta vurdert av ein lege (radiolog) som lager ein skriftleg rapport om kva som vart funne. Både bileta og rapporten blir lagra på ein trygg måte (digitalt).
Pasientar som er innlagt på sjukehuset kjem tilbake til avdelinga, medan øvrige kan reise heim.

 

NÅR ER RESULTATET KLART

Legen som har bestilt undersøkinga får svar fra røntgenavdelinga. Du får vite resultatet av undersøkinga frå din eigen lege etter avtale. Resultatet er klart etter ca. 1 veke. Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.

 

NÅR KAN EG REISE HEIM

For pasientar som er innlagt på sjukehuset, er det avhengig av tilstanden, men hvis du kun kjem for å få utførd denne undersøkinga, kan du reise heim direkte etter at den er ferdig.

 

BIVERKNADER  AV KONTRAST

Sjølve MR-undersøkinga gir ingen biverknader. Dersom det blir gitt eit kontrastmiddel, kan dette ein svært sjelden gong gi biverknader som f.eks. kvalme eller kløe i huda.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 24.11.2008 11:48

Marianne Ytrelid

 

MR av hovudet

MR av hovudet

 

MR undersøking av blodårar i hovudet

MR undersøking av ryggen

MR undersøking av ryggen

 

 

 

 

Les meir om MR i

den nye Pasienthandboka (nhi.no)