Hopp til hovedinnhold

MR-undersøkingar

MR undersøking - magnetisk resonans (MR)

KVA ER MR
MR betyr magnetisk resonans. Ved MR brukast ein kraftig magnet, ein radiosendar, radiomottakar og ein datamaskin til å lage bileter av kroppen. Det er ingen form for røntgenstråling i samband med ei MR-undersøking.

Det er ikkje funne noko skadelege effektar ved bruk av MR.

 

KORLEIS FØREGÅR UNDERSØKINGA

Du ligg i eit rørforma apparat (magneten) som er åpen i begge endar og godt opplyst. Når bileta vert tekne vil du høyre bankelydar, og det er då svært viktig at du ligg heilt still for å få gode bileter.

Undersøkinga medfører ikkje smerter. I nokre tilfeller må vi sette kontrastvæske i ei blodåre i armen, det blir då eit lite nålestikk.

Personalet har kontakt med deg under heile undersøkinga. Det er mulig å lytte til musikk eller radio. Ta gjerne med deg eigen CD om du ynskjer.

Undersøkingstida varierer frå 20 til 45 minutt.

 

 

 MR klinikken- brosjyre

 

 

 

 

MR av barn

 

MR-undersøking

 

 

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13