Hopp til hovedinnhold

Ultralyd, nåleprøve av bryst

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere naudsynt å ta ei nåleprøve av noko ein har funne ved mammografi eller ultralyd av brysta.

 

KORLEIS KAN EG FØREBU MEG


Undersøkinga krev inga førebuing.
Unntak: dersom du nyttar det blodtynnande medikamentet Marevan, kan det vere naudsynt å la vere å ta tablettane dei siste dagane  før prøvetaking. Dette kan du ta opp med henvisande lege.

 

KORLEIS GÅR UNDERSØKINGA FØRE SEG

Fyrst undersøker legen brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta nåleprøva. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleiing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er. Prøvene blir sendt vidare til avdeling for patologi her ved sjukehuset, der dei blir vidarebehandla og analysert i mikroskop.

 

GJER DET VONDT


Det blir som oftast gitt lokalbedøving før prøvetaking, og sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.

 

KOR LENGE VARER UNDERSØKINGA

Prøvetakinga tek frå 10-30minutt.


 

KVA SKJER ETTERPÅ

Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.


 

NÅR FÅR EG SVARET

Prøvesvaret er vanlegvis klart i løpet av ei veke, og du blir informert om svaret av den kirurgen som undersøkte deg før nåleprøva.

 

BIVERKNADER OG KOMPLIKASJONAR

Det kan i enkelte tilfelle blø litt etter prøvetaking. Ei slik blødning kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret.

 

 

 

 

Tilbake
 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 24.03.2009 09:17

Marianne Ytrelid