Ultralyd virker som eit ekkolodd. Apparatet sender lydbølger inn i kroppen og registerer dei lydbølgene som vert sendt i retur (ekkoet). Lydbølgene vert omdanna til bilete i ultralydapparatet. Ultralyd, slik den vert nytta her, er ikkje skadeleg for kroppen.
KVIFOR SKAL EG UNDERSØKAST
Ultralyd vert brukt som ei kompletterande undersøking av funn sett ved mammografi, eller av kular i brystet. KORLEIS KAN EG FØREBU MEG
KORLEIS KAN EG FØREBU MEG
Undersøkinga krev inga førebuing
KORLEIS GÅR UNDERSØKINGA FØRE SEG
Du ligg på ein benk under undersøkinga, og du må vere avkledd på overkroppen.
Det vert nytta ein gelè på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. Lydhovudet blir flytta over brystet medan ein tek ein serie av bilete.
GJER DET VONDT
Undersøkinga gjer ikkje vondt, men dersom du har svært ømme bryst kan det likevel være litt ømt når lydhovudet trykker mot brystet.
KOR LENGE VARAR UNDERSØKINGA
Undersøkinga varar ca 15 minutt
KVA SKJER ETTERPÅ
Dersom du er henvist til kirurgisk vurdering same dag, sit du på venterommet til det er klart for neste undersøking.
Dersom røntgenlegen finn at det ikkje er naudsynt med vidare undersøkingar, kan du reise heim.
NÅR FÅR EG RESULTATET
Du får som regel svaret av røntgenlegen med ein gong undersøkinga er ferdig, eller eventuelt med kirurgen dersom du skal til vurdering der.
Dersom du er etterinnkalt etter ein screeningundersøking, og ultralyd ikkje viser nokon teikn til sjukdom, vil det ikkje bli sendt ut skriftleg svar.
Mammografi
Ultralyd, nåleprøve av brystet