Hopp til hovedinnhold

Mammografi

 

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta.

 

KORLEIS KAN EG FØREBU MEG

Undersøkinga krev inga førebuing.

Dersom du mistenker at du kan vere gravid; vil vi gjerne ha informasjon om dette på førehand.

Du kan ringe oss på tlf nr. 70105700/01

 


KORLEIS GÅR UNDERSØKINGA FØRE SEG

Du går fyrst inn i eit lite avlukke og kler av deg på overkroppen. Deretter kjem du inn i eit tilstøytande rom der røntgenapparatet står. Brystet blir plassert i apparatet og blir komprimert (klemt saman) mellom to plater. Det vert teke to bilete av kvart bryst i ulike posisjonar. Av og til må ein og ta tilleggsbilete

 

 

GJER DET VONDT

Kompresjonen av brystet kan vere litt smertefullt, særleg dersom du er plaga med ømme bryst. God kompresjon er imidlertid naudsynt både for å få ein god kvalitet på bileta og for at brystet skal få så lite røntgenstrålar som mogleg. Kompresjonen varer berre i nokre få sekund.

 

 

KOR LENGE VARER UNDERSØKINGA

Undersøkinga varer ca 15 minutt

 

 

KVA SKJER ETTERPÅ

Dersom du berre er henvist til mammografi, vil du få beskjed om å reise heim så snart ein har kontrollert at kvaliteten på bileta er god nok.
Dersom du også er henvist til ultralyd og/eller kirurgisk vurdering, blir du sitjande på venterommet til det er klart for neste undersøking.

 

 

NÅR FÅR EG SVARET

Legen som har tinga  undersøkinga får svar frå røntgenavdelinga og dette skjer vanlegvis innan ei veke. Du får vite resultatet av undersøkinga frå din eigen lege etter avtale. Dersom du har time hjå kirurg same dag, får du svaret der.

 

 

 

 

Ultralyd

 

 

Tilbake

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 20.11.2008 13:10

Marianne Ytrelid

 

 

Mammografiapparat