
Radiologisk avdeling på sjukehuset i Ålesund, kan tilby pasientar eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer) og mammografi (røntgenbilete av bryst).
Brystdiagnostisk Senter (BDS) er ei tverrfagleg eining som er organisert under Radiologisk avdeling, og saman med Kreftregisteret har BDS ansvaret for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal samt for utgreiing og kontroll av brystsjukdomar hjå pasientar busett på Sunnmøre.
Totalt vert det i løpet av eitt år utført ca 100 000 undersøkingar ved avdelinga. I 2003 vart avdelinga fulldigitalisert, BDS vert digitalisert sommaren 2011. Dette vil seie at alle undersøkingar vert gjort digitalt –utan bruk av røntgenfilm – og blir lagra i eit dataarkiv.
Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Noreg. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital i Trondheim, så vil legar ved St. Olavs Hospital ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.
Stadig fleire av legekontora i distriktet blir også kopla opp mot Helse-Sunnmøre. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelige for legekontora.
Røntgenavdelinga har akutt-funksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.