Hopp til hovedinnhold

Operasjonsstover - Ålesund

Illustrasjon - Operasjonsavdelinga

 

Operasjosstova er inndelt i fire seksjonar der diagnose er avgjerande for kva seksjon nettopp du skal behandlast ved.

 

Seksjonane er:Ortopedisk seksjon, Uro og gynseksjon, Endokrin seksjon og Gastro kar thorax seksjon

Nyttig informasjon

  • Operasjonsavdelinga er ei serviceavdeling og dei fleste av pasientane kjem frå ei anna avdeling på sjukehuset. Ein sjeldan gang direkte frå skadestad.

     

    Operasjonstid

    Vi har både langsiktige program og dagsprogram som styrer dagen her, men dagens program blir endeleg satt dagen før kl 14.00 og der vil rekkefølget på alle pasientane vise. Det er ikkje alltid like lett å vite på førehand kor lang tid den enkelte operasjon tar, så det vil difor vere vanskeleg å gi faste tidspunkt for når din operasjon starter.

     

    Rutine

    Vi ringer til avdelinga du ligg på og avtaler tidspunkt for når du skal komme til Operasjonsstova. Personalet på sengeposten følgjer deg til Operasjonsstova og der blir du tatt imot av anestesi- og operasjonsjukepleierane som skal vere med under din operasjon. Vi sjekker identitet, blodprøver, om du er fastande, om du har snakka med den som skal operere deg og at det er kontrollert kva side som skal opererast. Er alt i orden kjører vi deg inn i slusa der du må flytte deg over på operasjonsbordet før videre transport inn på den operasjonsstova operasjonen skal foregå.

     

Diagnosar

  • Dei fleste diagnosane er nemde i tilknytning til behandlingsdelen her på denne sida.

     

    I pasienthandboka på internett finn du god informasjon om dei fleste diagnoser.

    Adressa er: www.pasienthandboka.no

     

     

Behandlingar

  • Ortopedisk seksjon: operasjoner i muskel og skjelettsystemet

    Vi har mest planlagte operasjoner, der pasientane får brev med dato i god tid på førehand. Vi har og mange som kjem inn som øyeblikkleg hjelp og må opererast med ein gang eller i løpet av nokre dager.

     

    Planlagte operasjoner:

     

    Proteser

    Hofteproteser; oftast pga slitasje i hoftene. Vi bruker Charnley totalprotese der lårdelen er av stål og hofteskåla er av plast. Protesa blir sementeret fast. Charnley hofteprotese er ei godt utprøvd og anerkjendt protese både her i landet og  på verdsbasis.

    Kneproteser; oftast pga slitasje i kneleddet. Vi har to typer kneprotese; Profix og Duracon som er likeverdige.Kneprotesene er samansatt av ein lårdel og ein leggdel i stål og ein ”menisk” og eit ”kneskjell” i plast , delane sementeres fast.

    Skulderproteser; pga slitasje eller etter skader. For tiden så bruker vi DeltaXtend; som er ei firedelt protese av plast og stål som både sementeres og skrues fast.

    Ryggskiveproteser; bytter ut mellomvirvelskivene i ryggen.

    Albu og ankelproteser; kan vere nødvendig ved reumatisk sjukdom. Dette er  operasjoner som vi ikkje gjer ofte.

    Tåproteser; kan vere nødvendig ved reumatisk sjukdom der eit el. fleire ledd i forfoten er ødelagt. Setter da inn ei silikonprotese.

     


    Ryggoperasjoner

    Prolapsfjerning  (utposning på mellomvirvelskiva)

    Avstivingar ved hjelp av beintransplantat eller skruer/plater

    Arcotomi; fjerner deler av virvelbuen slik at nervane i ryggmargskanalen får betre plass

     

    Kikkhullsoperasjoner; Kikker inn i ledd (skulder kne albu ankel) både for å undersøke og for å behandle. Fleire operasjonar kan gjerast gjennom kikkhullsinstrumenta.

    Feilstillingar i kne, hofte eller fot
    Oftast pga medfødte feilstillingar som gjer at leddet blir feilbelasta og dermed gir smerter etter kvart. Sager av knokkelen og fikserer den på nytt i rett vinkel ved hjelp av skruer og/eller plater i stål.

    Vekstforstyrringer; øydelegg vekstsona i kneleddet for å stoppe vekst.

    Operasjoner på leddband; Korsbandoperasjon; der ein rekonstruerer det ødelagte korsbandet ved å lage eit nytt korsband av andre sener på kroppen.

    Kneskål som glir ut av ledd; strammer opp på ei side og løsner på den andre, slik at kneskjellet kjem i rett posisjon.

     


    Akuttoperasjoner ortopedisk seksjon

     

    Skader og brot i muskel og skjelettsystemet

    Lårhalsbrot; er den hyppigaste bruttypen som treng operasjon innan kort tid.
    Der er fleire alternativ for behandling, avhengig av kvar på lårhalsen brotet er.
    Vi brukar oftast skruer og/eller plater. Av og til er det naudsynt med ei halvprotese; da skifter ein ut øvste lårdelen med ei stålprotese.

    Ankelbrot; Må behandlast innan seks timer pga hevelsen, rekk ein ikkje det må pasienten vente til hevelsen har gått ned. Operasjonen går ut på å fiksere bruddet ved hjelp av stålplate og skruer.

    Brot i rørknokler blir ofte behandla med margnagler og sperreskruer.

    Brot i bein i fingrar og tær blir behandlet ved hjelp av tynne stålpinner som blir borra inn for å fiksere brotet.

    Hudskader; sår og brannskader.

     


     

    Gyn uro seksjon: operasjoner i urinveier og underliv

     

    Urologi
     
    Fjerning av nyre - heilt eller delvis.

    Fjerning av blæresteiner og steiner i urinlederane.

    Prostataoperasjoner ved godarta prostataforstørrelse.

    Operasjoner ved blærekreft.

    Barnebrokk.

    Operasjoner på testiklane.

    Operasjoner på penis.

     

    Gynekologi

     

    Keisersnitt

     

    Åpne eller kikeholsoperasjoner.

    Fjerning av livmora.

    Fjerning av eggstokker eller eggstokkcyster.

    Operasjon ved graviditet utanfor livmora.

    Operasjoner ved barnløsheit.

    Sterilisering av kvinner

     
    Vaginale operasjoner (gjennom skjeden):

    Fjerning av livmora.

    Operasjoner ved urinlekkasje.

    Operasjoner ved livmorframfall.

    Kikeholsoperasjon gjennom livmorhalsen for å fjerne polypper og muskelknutar i livmora.

    Varmebehandling av livmorslimhinna ved kraftig menstruasjonsblødninger.

    Utskrapinger

    Aborter

     

     

     

    Gastro kar thorax seksjon: operasjoner i mage og tarm, og lunger og blodkar.

     

    Mage-tarmoperasjoner

    Operasjoner på magesekk,  tykktarm og tynntarm

    Fjerning av brokk  med forsterkning av ”nett”

    Kikkhullsoperasjon på: galleblære.blindtarm og spiserørsbrokk.

    Kikkhullsoperasjon ved sykelig overvekt med reduksjon av magesekk.

    Hemorroide og endetarmsfisteloperasjoner.


    Blodkaroperasjoner

    Utposning av hovedpulsåre nedafor nyreblodkara

    Trange årer på bein og halspulsårer

    Pacemaker innlegging

     

    Lungeoperasjoner:

    Heile lunga eller ein lungelapp fjernes ved åpen kirurgisk operasjoner

    Kikkhullsoperasjoner på lunge

     

     


    Endokrin seksjon:   operasjoner på skjoldbruskkjertel og bryst


    Operasjoner som utføres ved seksjonen er:

    Operasjoner på skjoldbrukskjertelen / biskjoldbrukskjertelen ved misstanke om kreft, eller der kreft er påvist.

    Strumaoperasjon med total eller delvis fjerning av skjoldbrukskjertelen

    Operasjoner ved brystkreft

    Brystbevarende kirurgi evt.fjerning av brystet.

    Reduksjon av store bryst / plastikk-kirurgisk inngrep, her er det overlege Roland Ruiken som er operatør

    Fjerning av svettekjertler