PASIENTINFORMASJON
Åreknutar (Varicer) er unormalt utvida samleårar (vener) i underhud på beinet. Desse årane skal transportere blod frå leggen tilbake til hjartet. Fleire tynne klaffar i blodårane sørgjer for at blodet strøymar mot hjartet sjølv når ein står. Om desse klaffane svikter, vil trykket inni venene auke i ståande stilling. Venene vil då utvida seg .
Åreknutar er ofte arveleg, og utvikler seg hyppig etter gjennomgått svangerskap. Tilstanden er ufarleg. For mange vil det vere kosmetisk sjenerande, andre vil merke tyngde og trøtthet i leggen, ofte med hevelse. Sjeldan kan ein få leggeksem og sårdanning. Den enklaste behandlinga av åreknuter er å bruke kompresjonsstrømpe. Dette betrar blodsirkulasjonen, og minsker hevelsen i leggen, men åreknutene forsvinn ikkje.
Operasjonen:
Du møter fastande, og blir operert i narkose. Operasjonen går ut på å fjerne dei sjuke samleårane. Det er mest vanleg å fjerne ("strippe") den største samleåra frå legg til lysken. I tillegg blir dei mest synlege åreknutane fjerna via små hjelpesnitt i huden. I svært moderate tilfelle er det ofte betre å fjerne berre dei små lokale åreknutane utan "stripping" av samleåra.
Vidare behandling:
Ved avslutninga av operasjonen leggast det på eit elastisk bind. Dette kan vere på i to døgn. Om det "løyser seg opp"/blir lite stramt, kan du ta på kompresjonsstrømpa. Kompresjonsstrømpa som du får tilpassa på Dagkirurgisk avdeling skal takast på den tredje dagen. Du skal bruke denne på dagtid i 6 uker etter operasjonen. Formålet med kompresjonsstrømpa/det elastiske bindet er å sørger for at foten ikkje blir hoven den første tida. Operasjonsdagen bør du ta det med ro etter at du er komen heim. Sit eller ligg med foten høgt heva. Dagen etter kan du vere oppe og gå rundt inne. Etter kvart kan du auke aktivitetsnivået og gå turer.
Aktiv trening/jogging, aerobic må du vente med i omlag 3 uker etter operasjonen. Du kan dusje 3. dagen etter operasjonen. Då bør du legge på reine bandasjer på såra etterpå. Sting kan fjernast hos eigen lege etter 10 – 14 dager.
Sjukmelding:
Mest vanleg 10 - 14 dager, individuell vurdering i forhald til yrke. Ved små åreknuteoperasjonar trenger du sjukmelding berre for operasjonsdagen.
Etter operasjonen /moglege komplikasjonar:
Omlag 10 - 20% utvikler nye åreknuter i større eller mindre grad etter operasjonen. Desse kan kanskje opererast seinare med ein liten operasjon om dei blir plagsome.
Det kan bli til dels store blodansamlingar under huden på foten, desse vil forsvinne i løpet av et par ukers tid. Ein lett feberreaksjon er vanlig det første døgnet. Om temperaturen er over 38,5 grader og varer fleire dagar, eller ved høgare temperatur, bør du kontakte eigen lege. På grunn av skade på små hudnerver, kan du få følelseslause områder i huden rundt operasjonssåret. Få pasientar får dessverre vedvarende smerter etter operasjonen. Operasjonssår kan bli betente (Rødme, hevelse, aukande smerter, feber). Operasjonen kan utløse blodpropp. Dersom det kommer stor hevelse og tydeleg ømhet i leggen/låret, skal du kontakte legen. Vanligvis går alt greit.
Ålesund, 05.01.2009
Roland Michael Ruiken
spesialist i generell kirurgi
Les meir om åreknuteoperasjonen i pasienthåndboka...