Hopp til hovedinnhold

Rehabiliteringsveka 2010 på Mork Rehabiliteringssenter

Velkomen til ReHabiliteringsveka 2010 på Mork Rehabiliteringssenter. Rehabiliteringsveka, som går av stabelen i perioden 25. - 29.oktober, er eit dugnadsprosjekt på landsplan og internt på Mork Rehabiliteringssenter. Målet er å skape auka merksemd omkring rehabilitering.

Mork Rehabiliteringssenter har 35 års erfaring med rehabilitering, og vi yter spesialiserte tenester til pasientar frå heile 47 kommunar. Dette krev eit samordna/heilskapleg tilbod med fleksible samhandlingsmodellar. Vi ønskjer å setje eit spesielt fokus på senteret vårt og rolla vår i rehabiliteringsarbeidet.

Veka på Mork Rehabiliteringssenter startar med eit seminar for pasientar og pårørande. Her kan de m.a. glede dykk til innlegg frå viktige brukarrepresentantar som også har opplevd ein rehabiliteringsprosess.

Den andre dagen får vi eit spanande foredrag av Per Fugelli som er professor i sosialmedisin. Han vil rette merksemda mot samspelet mellom natur og helse, mellom sosialt miljø og helse, og mellom personlegdom og helse.

 

Open dag

Rehabiliteringsveka vert avslutta med ein open dag på Mork Rehabiliteringssenter. Vi får ofte førespurnader frå mange som ønskjer å besøke oss og som ønskjer å sjå korleis vi arbeider. Vi tek elles i mot ein heil del hospitantar årleg.

Grip sjansen no til å få eit innblikk i rehabiliteringsarbeidet ved Mork Rehabiliteringssenter. Her vil du også få sjå korleis vi nyttar naturen som ein viktig del av rehabiliteringsprosessen.

 

For ytterlegare informasjon:

 

Seksjonsleiar Åse Elin Osvoll    tlf. 97590048/70077300

Teamleiar Dagrun Marøy         tlf.93202496/ 70077300