Hopp til hovedinnhold

Naturen som rom for rehabilitering

Mork Rehabiliteringssenter vil vidareutvikle tilbodet til rehabiliteringspasientane med å i endå større grad nytte naturen som rom for rehabilitering. Fysioterapeut Nina S. Schriver frå Århus Universitet skal halde kurs for alle tilsette på Mork Rehabiliteringssenter i veke 46. Konseptet Move`nNature er utprøvd på fleire pasientgrupper som t.d. pasientar med hjerneskade.

Mork Rehabiliteringssenter ligg i naturskjønne omgjevnader og vil no i endå større grad nytte uteområdet i den døgnkontinuerlege rehabiliteringa. Naturen som rom for rehabilitering skal fokusere på at dei tilsette ved rehabiliteringssenteret får styrka kompetanse for å nytte naturen som ein aktiv del av rehabiliteringa og ulike behandlingsmetodar i relasjon til naturen som ei vesentleg ramme.
 
Kurset skal vere ei veksling mellom teoretisk opplegg, praktisk arbeid inne og ute og gruppearbeid, der det m.a. vil vere fokus på erfaringsutveksling og utvikling av deltakarane sine personlege måtar å nytte naturen på.
 
Tema på kurset vil m.a. vere følgjande:

  • Læring av rørsle som samspel mellom relasjonar, person og omgjevnader – eit teoretisk perspektiv
  • Pasienten som medskapar av praksis og kunnskap
  • Rørsle i naturen
  • Natur og rørsle. Teoretisk innføring
  • Refleksjon i og over rørsle
  • Rørslekvalitetar
  • Rørsleanalyse – kvalitetar og grunnleggande rørsleformer som t.d. bevegleg balanse, styrke og mot, bevegleg utan å kollapse, sterk utan å stivne

Nina Schriver
 
Nina Schriver er utviklar og forskar innanfor praksisendringar og personlege læreprosessar. Ho er utdanna som fysioterapeut og har ei ph.d. grad frå København Universitet. Forskingskompetansen hennar er spesielt i høve til aksjonsforsking, kropp, læring, rørsle, kontekster for læring og kompetanseutvikling. Schriver har brei erfaring med igangsetting , styre og utvikle endringsprosessar med ulike faggrupper i både i offentleg og privat regi. Ho har utført ei rekkje presentasjonar av vitenskapleg arbeid på konferansar og i tidsskift i tillegg til at ho har skrive bøker.

Sist endra 07.11.08 13:39