Hopp til hovedinnhold

Medisinsk avdeling Ålesund

Illustrasjon - Medisinsk avdeling

 

Velkomen til medisinsk avdeling. På denne sida kan du få innblikk i korleis avdelinga er drifta, samt lese om dei ulike behandlingstilboda våre.

Ved medisinsk avdeling har vi eit omfattande behandlingstilbod.

 

Visjon, mål og verdigrunnlag

Dei siste åra har det vore fokus på auka effektivitet og kutting av kostnader i helsevesenet. På Medisinsk avdeling har vi valt og sjå på dette som ei moglegheit for fokus på effektivitet som kjem pasienten til gode. Når pasienten først er komen til sjukehuset, er det svært frustrerande med venting og ineffektive rutinar. Ved auka effektivitet vil pasienten føle seg tryggare på å verte fylgd opp på ein rett måte. Det vert kontuinitet i opphaldet. I eit slikt arbeid er det nyttig å kunne setje ord på kvar vi vil. Vi har definert visjon, mål og kjerneverdiar som rettesnorer i denne prosessen.

 

Den overordna visjonen til Helse Midt-Norge lyder ”På lag med deg for helsa di”. Hovudmålet er ”Kvalitet i alle ledd”. Som avdeling følgjer vi desse ”ledestjernene”. Likevel har vi valt å nytte eigne ord når visjon og mål skal beskrivast.

 

Vi ynskjer å vere ”Den beste medisinske avdeling i Helse Midt-Norge”. Då tek vi utgangspunkt i den opplevde kvaliteten sett frå pasientane og dei tilsette sin ståstad. Vi meiner det er ein klar samanheng mellom innstillinga til personalet, og kvalitet for pasienten. Derfor er det viktig å ikkje berre fokusere på pasienten, men óg sørgje for at dei tilsette har ein interessant og effektiv kvardag.

 

Hovudmålet ”Kvalitet i alle ledd” har vi valt å konkretisere ein del ved uttrykket ”Kvalitet på tvers og på langs”.

 

Når vi snakkar om ”på tvers” handlar dette mest om dei tilsette. Det er mange ulike faggrupper og arbeidsoppgåver og ta omsyn til i løpet av eit sjukehusopphald. Samarbeidet på ei avdeling, og ofte over fleire avdelingar stiller krav til kommunikasjon og gode rutinar. Får vi dette til å fungere godt, vert kvardagen meir effektiv for dei tilsette, og ressursane kan nyttast der trongen er størst. Vi fokuserer óg på forsknng og utvikling, samt etterutdanning.

 

"På langs" minner oss om at heile sjukdomsløpet til ein pasient er viktig. Ikkje berre den delen som har direkte med sjukehuset og gjere. Derfor har vi auka fokuset på samhandling med andre instansar som óg er involvert. Målet vårt er at overgangen mellom desse skal verte så saumlaus som mogleg.

 

Våre kjerneverdiar har vi definert som tryggleik, respekt og pasientopplevd kvalitet. Dette ynskjer vi skal vere grunnlaget for arbeidet vårt, og rettesnor for utviklingsarbeidet i avdelinga.

 

Tilbake til kortversjonen.