Hopp til hovedinnhold

Medisinsk sengepost for lungesjukdommar - Ålesund

Illustrasjon - Medisinsk avdeling

Dette er ein spesialitet for lungesjukdommmar. Til sengeposten kjem pasientar som treng døgnopphald for utgreiing og behandling av sjukdommar som til dømes asthma, lungebetennelse, KOLS og lungekreft.

Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar ved sjukehuset.

Vi legg stor vekt på samarbeid mellom ulike yrkesgrupper og ikkje minst samarbeid med deg som pasient. Under innlegginga hos oss må du og dine pårørande ta omsyn til mange ulike yrkesgrupper og rutiner. Vi vonar at informasjonen du finn her vil vere til hjelp.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon: 70 10 54 08
    Telefon sentralbord: 70 10 50 00
    Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
    E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

    Lokalisering

    Sengeposten er lokalisert i 1. etasje ved medisinsk sengepost 6 i lågblokka. Bruk inngangen på sørsida. Medisin 6 er ein felles sengepost for pasientar med lungesjukdommar og alderdoms- og slagsjukdommar.

    Parkering

    Parkeringa rundt sjukehuset er delt i soner. Parkering for pasientar, pårørande og besøkande skal skje på oppmerka stader mot avgift. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.

    Måltid   

    Frukost: kl 0745  
    Lunsj: kl 1200
    Middag: kl 1600 
    Kveldmat: kl 1930

    Middagsmeny finn du på oppslagtavla.

    Previsitt og visitt

    Kl 0900 – 1100. Lege og sjukepleiar går gjennom kvar enkelt pasient sin sjukdom og behandling før vi startar på sjølve visitten. Deretter går lege og sjukepleiar til kvar enkelt pasient og informerar om behandling og undersøkingar. Det er fint om du har spørsmåla klare.

    På kveldstid og i helgane er det visitt ved behov.

    Litt meir om korleis vi arbeider

    Pleiepersonalet ved sengeposten er knytt til ein av spesialitetane. Dette medfører at der er faste sjukepleiarar og hjelpepleiarar på kvar seksjon/team. Nokon av desse vil vere dine kontaktpleiarar. Dei har eit spesielt ansvar for oppfølginga av deg så lenge du er pasient her. Du kan ta kontakt med desse dersom du lurer på noko.

    Telefon

    Der er telefon (kortapparat) ved kvar seng med eige telefonnummer. Desse er stengde for innkomande samtaler kl 1230 – 1430 og kl 2100 – 0730.  Det er ønskeleg at pårørende ikkje ringer avdelinga etter kl 2100. Du kan kjøpe telekort i kiosken i vestibyla. Du kan også nytte mobiltelefon ved sengeposten.

    Besøk av pårørande

    Kl 1400 - 1500. Pasientane er ofte på trening i dette tidsrommet. Vi vil anbefale at du benytter den utvida visittida på kvelden, kl 1800 – 1930.

    Permisjon

    Dersom du går ut av avdelinga må du avtale dette med ein av pleiepersonalet. På kvardagane er det fint at turer ut leggast til ettermiddag/kveld. Alle skal vere tilbake før kl 2200 eller etter avtale. Dersom legen tillater det, kan du få overnattingspermisjon. Hugs og ta med deg nødvendige medisiner.
     
    Diverse

    Private klé kan plasserast i skapet du vert tildelt. Hugs at du ikkje er åleine og at alle liker å ha det ryddig rundt seg. Dersom du er i stand til det, kan du gjerne reie opp senga di, stelle blomane og kaste gamle aviser o.l. Ei anna viktig årsak til å halde romma ryddige, er at reinhaldet vert enklare. I samband med god handhygiene hos alle bidreg det til å redusere risikoen for infeksjonar. Det skal være ro på avdelinga kl 2300.

    Allergi

    Andre pasientar kan ha allergi. Vi ber derfor om at du ikkje nytter parfyme eller  etterbarberingsvatn under opphaldet. Til tider kan det også vere nødvendig å forby blomer på rommet.

    Verdisaker

    Sjukehuset tek ikkje ansvar for penger og verdisaker du har med.

    Røyk og alkohol

    Sjukehuset er røykfri sone og det er derfor ikke tillate og røyke – heller ikke på altanen. Det er tilviste plasser utanfor sjukehuset til røyking. Ynskjer du hjelp til å slutte å røyke kan du kontakte legen. Det er ikkje tillate og oppbevare eller nyte alkohol medan du er på sjukehuset

    Minibutikk med bibliotek

    Minibutikken går rundt på sengeposten kvar tirsdag ettermiddag frå kl. 14.00 og utover. Det er pasientvener fra Røde Kors som står for dette tilbodet.

    Pasientbibliotek

    Biblioteket er ope måndag - fredag  kl 0800 - 1530.
    Biblioteket finn du i underetasjen, første gang til venstre etter gymnastikksalen.

    Ernæringsfysiolog

    Dersom du har spørsmål angåande kosthald, kan du få kontakt med klinisk ernæringsfysiolog (kosthaldsrettleiar) via ein av pleiepersonalet.

    Prest

    Dersom du ynskjer kontakt med presten for samtale formidler pleiepersonellet dette. I søndagsbrevet som vert delt ut kvar søndag finn du mer informasjon.

    Kiosk/kafeteria

    Denne finn du i hovudvestibylen. Den held ope:

    Måndag - fredag: kl 0900 - 1930
    Laurdag: kl 1000 - 1900
    Søndag: kl 1200 - 1930

    Kiosken på nordsida ved poliklinikkane er open:

    Måndag - fredag: kl 0900 - 1500

    Apotek

    Apoteket finn du i 1. etasje, følg skilt i hovedvestibylen/poliklinikken. Det er ope måndag - fredag kl 1000 - 1600.

    Minibank

    Det er minibank i hovudvestibyla.

    Post

    Postkassa finn du ved inngangen til hovudvestibylen. Ho blir tømd kvar dag kl 1600.

    Brosjyre

    Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.

    Brosjyre om medisinsk sengepost 6.

    Til medisinsk seksjon for lungesjukdommar

Diagnosar

  • Du finn generell informasjon om lungesjukdommar på desse nettstadane:

    Pasienthåndboka

    I pasienthandboka.no kan du skaffe generell kunnskap om sjukdom, symptom og behandling. Pasienthåndboka er ei publikumsutgåve av Norsk Elektronisk legehåndbok (NEL), og er Norges største helsenettstad. Den inneheld over 3500 artiklar og over 1000 illustrasjonar/bilete/videoar. 

    Eit fagnettverk på ca 200 personar og ein redaksjonskomite kvalitetssikrar innholdet både i NEL og i Pasienthåndboka.

    www.pasienthandboka.no

    SMIL - Skandinavisk Medisinsk Informasjon for Legfolk

    SMIL er ein nettportal som inneheld ei samling kvalitetssikra nettstader med informasjon om sjukdommar og korleis dei vert behandla. Portalen er eit nordisk samarbeidsprosjekt og alle nettsidene er tilgjenglege på norsk, svensk eller dansk.

    SMIL er til for pasientar, pårørande og ein interessert allmennhet.

    www.smil.uio.no

    www.rarelink.no

    www.rarelink.no  er ein nordisk nettstad som inneheld ei samling av lenker til informasjonsmateriell om sjeldne tilstander som har blitt publisert av verksemder på statlig oppdrag i Norge, Sverige og Danmark. Du kan òg finne lenker til funksjonshemmedes organisasjonar i dei tre landa.

    Rarelink henvender seg til alle som søkjer informasjon, for eksempel personar med ei sjeldan diagnose, pårørande og fagpersonar som møter eller arbeider med personar med sjeldne tilstander.

    www.rarelink.no

    Helsebiblioteket.no

    Nettstaden gir tilgang til oppdatert fagkunnskap for norsk helsepersonell og er redaksjonelt uavhengig. Helsebiblioteket.no  blir drifta av Nasjonalt senter for helsetjenesten, og finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseforetaka.

    www.helsebiblioteket.no

    Nettsøk på diagnosar

    Finnkode er eit elektronisk søkeverkty over den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og beslekta helseproblem som kallast ICD-10.

    Søkeverktyet er utvikla av kompetansesenter for IT i helse- og sosialsektoren på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet. ICD-10 er eit klassifikasjons- og diagnosesystem som er gitt ut av Verdens helseorganisasjon.

    http://finnkode.no

Undersøkingar

  • Du finn generell informasjon om undersøkingar ved lungesjukdommar på desse nettstadane:

    Pasienthåndboka

    I pasienthandboka.no kan du skaffe generell kunnskap om sjukdom, symptom og behandling. Pasienthåndboka er ei publikumsutgåve av Norsk Elektronisk legehåndbok (NEL), og er Norges største helsenettstad. Den inneheld over 3500 artiklar og over 1000 illustrasjonar/bilete/videoar. 

    Eit fagnettverk på ca 200 personar og ein redaksjonskomite kvalitetssikrar innholdet både i NEL og i Pasienthåndboka.

    www.pasienthandboka.no

    SMIL - Skandinavisk Medisinsk Informasjon for Legfolk

    SMIL er ein nettportal som inneheld ei samling kvalitetssikra nettstader med informasjon om sjukdommar og korleis dei vert behandla. Portalen er eit nordisk samarbeidsprosjekt og alle nettsidene er tilgjenglege på norsk, svensk eller dansk.

    SMIL er til for pasientar, pårørande og ein interessert allmennhet.

    www.smil.uio.no

    www.rarelink.no

    www.rarelink.no  er ein nordisk nettstad som inneheld ei samling av lenker til informasjonsmateriell om sjeldne tilstander som har blitt publisert av verksemder på statlig oppdrag i Norge, Sverige og Danmark. Du kan òg finne lenker til funksjonshemmedes organisasjonar i dei tre landa.

    Rarelink henvender seg til alle som søkjer informasjon, for eksempel personar med ei sjeldan diagnose, pårørande og fagpersonar som møter eller arbeider med personar med sjeldne tilstander.

    www.rarelink.no

    Helsebiblioteket.no

    Nettstaden gir tilgang til oppdatert fagkunnskap for norsk helsepersonell og er redaksjonelt uavhengig. Helsebiblioteket.no  blir drifta av Nasjonalt senter for helsetjenesten, og finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseforetaka.

    www.helsebiblioteket.no

Behandlingar

  • Du finn generell informasjon om behandling av lungesjukdommar på desse nettstadane:

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 24.01.2009 13:50

Annette Furmyr

Telefon            

Medisinsk sengepost
for lungesjukdommar

70 10 54 08