Med kolonoskopi undersøkjer ein hovudsakleg tjukktarmen.
Føremålet med kolonoskopi er å påvise sjukdom i tjukktarmen, til dømes betennelse. Vi kan ta vevsprøvar frå slimhinna, og utføre behandling.
Medisinsk avdeling har utarbeidd brosjyre med pasientinformasjon om kolonoskopi. Der finn du meir informasjon om sjølve undersøkinga og kvar på sjukehuset dette blir gjort.
"Til deg som skal til kolonoskopi" (brosjyre, pdf-fil, 1Mb).