Kontakt oss
Telefon: 70 10 58 40
Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Opningstid
Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800 - 1530.
Lokalisering
Gå til poliklinikkane, inngang nord. Følg den grøne streken på veggen til gastrolab i 4. etasje i lågblokka.
Busstopp
Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen tek ca. 7 minutt.
Parkering
Parkeringa rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.
Betaling
Pasientar betalar eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.
Eigendelen er kr 295,- pr i dag. Utgiftstaket for frikort er kr 1 780,-.
Bank
Det er minibank i hovudvestibylen. Ein kan betale med bankkort i kiosk, kantine og apotek.
Kiosk/kafeteria
Held til i hovudvestibylen og har desse opningstidene:
| Måndag - fredag: |
kl 0900-1930 |
| Laurdag: |
kl 1000-1800 |
| Søndag: |
kl 1200-1930 |
På nordsida ved poliklinikkane er kiosken open:
| Måndag - fredag: |
kl 0900-1500 |
Apotek
Apoteket finn du på nordsida av sjukehuset i 1. etasje. Opningstida er:
| Måndag - fredag: |
kl 1000 - 1600 |
|
|
| Laurdag: |
kl 0900 - 1300 |
Røyking
Sykehuset skal vere røykfritt. Det er ikkje tillate å røykje inne.
Til medisinsk seksjon for fordøyelsessjukdommar