Kontakt oss
Telefon sengepost: 70 10 57 90
Telefon sentralbord: 70 10 50 00
Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre, Ålesund sjukhus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Sengeposten er lokalisert i 4. etasje ved medisinsk sengepost 2 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida.
Medisinsk sengepost 2 er ein felles sengepost for nyre-, infeksjons- og fordøyelsessjukdommar.
Busstopp
Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen tek ca. 7 minutt.
Parkering
Parkeringa rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering, kr 10,- pr time.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.
Måltid
Frukost: kl 0800 - 0830
Lunch: kl 1200
Middag: kl 1600
Kvelds: kl 1930
Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffe og te nederst i korridoren mot pasientstova. Dette kan du som pasient forsyne deg av som du sjølv ønskjer.
Telefon
Alle sengane har eigen telefon ved nattbordet. På denne kan du ringe gratis til fasttelefon. Vær venleg og informere dine næraste om telefonnummeret.
Visittid for besøkande
Kl 1400 - 1900.
Besøk utenom desse tidene avtalast med personalet.
Permisjonar
Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du sjølv dekkje.
Prest
Dersom du ønskjer kontakt med sjukehuspresten for samtale, formidlar pleiepersonalet dette. I Søndagsbrevet som vert formidla i samband med frukosten kvar søndag finn du meir informasjon.
Verdisaker
Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med. Vi oppfordar til ikkje å ha pengar eller andre verdisaker i veske eller nattbord.
Mobiltelefon
Bruk av mobiltelefon er er no tillate i hovedvestibylen.
Kiosk/kafeteria
Held til i hovudvestibylen og har desse opningstidene:
Måndag - fredag: kl 0900-1930
Laurdag: kl 1000-1800
Søndag: kl 1200-1930
På nordsida ved poliklinikkane er kiosken open:
Måndag - fredag:
kl 0900-1500
Post
I hovudvestibylen kan du kjøpe kort og frimerke. Postkassa finn du ved inngangen til vestibylen. Ho blir tømd kvar dag kl 1600.
Apotek
Apoteket finn du på nordsida av sjukehuset i 1. etasje. Opningstida er:
Måndag - fredag kl 1000 - 1600
Laurdag: kl 0900 - 1300
Røyking og alkohol
Sykehuset skal vere røykfritt. Det er ikkje tillete å røykje inne. Det er heller ikkje tillete å nyte eller oppbevare alkohol medan du er på sjukehuset.
Pasientbibliotek
Bibliotek finn du i underetasjen. Det er ope måndag – fredag kl 0800 – 1530.
Kantine
Pårørande kan kjøpe seg middag/smørbrød i kantina i 1. etasje.
Open måndag - fredag kl 0800 - 1530.
Frå kl 1100 -1300 er kantina kun for dei tilsette.
Blomer
Pasientane må gjerne motta blomer, men personalet har dessverre ikkje ressursar til å drive stell av desse. Dette må difor du eller pårørande utføre. Blomstervase finn du ved pasientstova.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 2.
Til medisinsk seksjon for infeksjonssjukdommar