Hopp til hovedinnhold

Medisinsk sengepost for fordøyelsessjukdommar - Ålesund

Illustrasjon - Medisinsk avdeling

 

Sengeposten tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet, og som treng døgnopphald.

Pasientane blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar ved sjukehuset.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon: 70 10 57 90
    Telefon sentralbord: 70 10 50 00
    Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre, Ålesund sjukhus, 6026 Ålesund
    E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

     

    Lokalisering

    Sengeposten er lokalisert i 4. etasje ved medisinsk post 2 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida. Medisinsk sengepost 2 er ein felles sengepost for nyre-, infeksjon- og fordøyelsessjukdommar.

     

    Busstopp

    Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen tek ca. 7 minutt.

     

    Parkering

    Parkeringa rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering.

     

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.

     

    Måltid

    Frukost:  kl 0800 - 0830
    Lunch:    kl 1200
    Middag:  kl 1600
    Kvelds:   kl 1930

    Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffe og te nederst i korridoren mot pasientstova.  Dette kan du som pasient forsyne deg av som du sjølv ønskjer.

     

    Telefon

    Alle sengane har eigen telefon ved nattbordet. På denne kan du ringe gratis til fasttelefon. Vær venleg og informere dine næraste om telefonnummeret.

     

    Visittid for besøkande

    Kl 1400 1900.
    Besøk utenom desse tidene avtalast med personalet.

     

    Pasientbibliotek

    Bibliotek finner du i underetasjen. Det er ope måndag – fredag kl 0800 – 1530.

     

    Kantine

    Pårørande kan kjøpe seg middag/smørbrød i kantina i 1. etasje.
    Den er open måndag - fredag, kl 0800 - 1530.
    Frå kl 1100 -1300 er kantina kun for dei tilsette.

     

    Blomster

    Pasientane må gjerne motta blomster, men personalet har dessverre ikkje ressursar til å drive stell av desse. Dette må difor du eller pårørande utføre. Blomstervase finn du ved pasientstova.

     

    Permisjonar

    Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du sjølv dekkje.

     

    Prest

    Dersom du ønskjer kontakt med sjukehuspresten for samtale, formidlar pleiepersonalet dette. I Søndagsbrevet som vert formidla i samband med frukosten kvar søndag finn du meir informasjon.

     

    Verdisaker

    Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med. Vi oppfordar til ikkje å ha pengar eller andre verdisaker i veske eller nattbord.

     

     

    Kiosk/kafeteria

    Held til i hovudvestibylen og har desse opningstidene:

    Måndag - fredag: kl 0900-1930
    Laurdag: kl 1000-1800
    Søndag: kl 1200-1930

    På nordsida ved poliklinikkane er kiosken open:

    Måndag - fredag: kl 0900-1500

     

    Post

    Postkassa finn du ved inngangen til vestibylen. Den tømmast kvar dag kl 1600.

     

    Apotek

    Apoteket finn du på nordsida av sjukehuset i 1. etasje. Opningstida er:

    Måndag - fredag: kl 1000 - 1600
    Laurdag: kl 0900 - 1300

       

    Røyking og alkohol

    Sykehuset skal vere røykfritt. Det er ikkje tillate å røykje inne. Det er heller ikkje tillate å nyte eller oppbevare alkohol medan du er på sjukehuset.

     

    Brosjyre

    Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.

    Brosjyre om medisinsk sengepost 2.

     

    Til medisinsk seksjon for fordøyelsessjukdommar

     

Diagnosar

  • Vi tek imot pasientar med sjukdom i:

    • spiserør
    • magesekk
    • tynntarm
    • tjukktarm
    • endetarm
    • bukhule
    • bukspyttkjertel
    • gallevegar
    • lever

     

    Du finn generell informasjon om sjukdommar i fordøyelsesystemet på desse nettstadane:

     

    Pasienthåndboka

    I pasienthandboka.no kan du skaffe generell kunnskap om sjukdom, symptom og behandling. Pasienthåndboka er ei publikumsutgåve av Norsk Elektronisk legehåndbok (NEL), og er Norges største helsenettstad. Den inneheld over 3500 artiklar og over 1000 illustrasjonar/bilete/videoar. 

    Eit fagnettverk på ca 200 personar og ein redaksjonskomite kvalitetssikrar innholdet både i NEL og i Pasienthåndboka.

    www.pasienthandboka.no

     

    SMIL - Skandinavisk Medisinsk Informasjon for Legfolk

    SMIL er ein nettportal som inneheld ei samling kvalitetssikra nettstader med informasjon om sjukdommar og korleis dei vert behandla. Portalen er eit nordisk samarbeidsprosjekt og alle nettsidene er tilgjenglege på norsk, svensk eller dansk.

    SMIL er til for pasientar, pårørande og ein interessert allmennhet.

    www.smil.uio.no 

     

    www.rarelink.no

    www.rarelink.no  er ein nordisk nettstad som inneheld ei samling av lenker til informasjonsmateriell om sjeldne tilstander som har blitt publisert av verksemder på statlig oppdrag i Norge, Sverige og Danmark. Du kan òg finne lenker til funksjonshemmedes organisasjonar i dei tre landa.

    Rarelink henvender seg til alle som søkjer informasjon, for eksempel personar med ei sjeldan diagnose, pårørande og fagpersonar som møter eller arbeider med personar med sjeldne tilstander.

    www.rarelink.no

     

    Helsebiblioteket.no

    Nettstaden gir tilgang til oppdatert fagkunnskap for norsk helsepersonell og er redaksjonelt uavhengig. Helsebiblioteket.no  blir drifta av Nasjonalt senter for helsetjenesten, og finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseforetaka.

    www.helsebiblioteket.no

     

    Nettsøk på diagnosar

    Finnkode er eit elektronisk søkeverkty over den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og beslekta helseproblem som kallast ICD-10.

    Søkeverktyet er utvikla av kompetansesenter for IT i helse- og sosialsektoren på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet. ICD-10 er eit klassifikasjons- og diagnosesystem som er gitt ut av Verdens helseorganisasjon.

    http://finnkode.kith.no

     

     

Undersøkingar

  • Gastroskopi

    Med gastroskopi undersøkjer ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, til dømes betennelse eller sår. Ein kan ta vevsprøver (biopsiar) frå slimhinna, ..

  • Kolonoskopi

    Med kolonoskopi undersøkjer ein hovudsakleg tjukktarmen. Føremålet med kolonoskopi er å påvise sjukdom i tjukktarmen, til dømes betennelse. Vi kan ta vevsprøvar frå slimhinna, og utføre behandling. Medisinsk avdeling har utarbeidd brosjyre med ..

  • Leverbiopsi

    Undersøkinga blir gjort ved hjelp av ultralyd på røntgenavdelinga. Legen fører nøyaktig ei spesiallaga nål inn i levra og tek vevsprøve av det området som ein ønskjer å undersøkje. Medisinsk avdelinga har utarbeidd ei pasientorientering om leverbiopsi. ..

  • pH-/syremåling

    Med denne undersøkinga måler vi kor mykje syre produsert i magesekken som kjem opp i spiserøyret i løpet av 24 timar.  Medisinsk avdeling har utarbeidd brosjyre med pasientinformasjon om syremåling. Der finn du meir informasjon om både sjølve ..

Behandlingar

  • Du kan skaffe deg generell kunnskap om behandling av sjukdommar i fordøyelsesystemet på desse nettstadane:

     

    Pasienthåndboka

    I pasienthandboka.no kan du skaffe generell kunnskap om sjukdom, symptom og behandling. Pasienthåndboka er ei publikumsutgåve av Norsk Elektronisk legehåndbok (NEL), og er Norges største helsenettstad. Den inneheld over 3500 artiklar og over 1000 illustrasjonar/bilete/videoar. 

    Eit fagnettverk på ca 200 personar og ein redaksjonskomite kvalitetssikrar innholdet både i NEL og i Pasienthåndboka.

    www.pasienthandboka.no

     

    SMIL - Skandinavisk Medisinsk Informasjon for Legfolk

    SMIL er ein nettportal som inneheld ei samling kvalitetssikra nettstader med informasjon om sjukdommar og korleis dei vert behandla. Portalen er eit nordisk samarbeidsprosjekt og alle nettsidene er tilgjenglege på norsk, svensk eller dansk.

    SMIL er til for pasientar, pårørande og ein interessert allmennhet.

    www.smil.uio.no 

     

    www.rarelink.no

    www.rarelink.no  er ein nordisk nettstad som inneheld ei samling av lenker til informasjonsmateriell om sjeldne tilstander som har blitt publisert av verksemder på statlig oppdrag i Norge, Sverige og Danmark. Du kan òg finne lenker til funksjonshemmedes organisasjonar i dei tre landa.

    Rarelink henvender seg til alle som søkjer informasjon, for eksempel personar med ei sjeldan diagnose, pårørande og fagpersonar som møter eller arbeider med personar med sjeldne tilstander.

    www.rarelink.no

     

    Helsebiblioteket.no

    Nettstaden gir tilgang til oppdatert fagkunnskap for norsk helsepersonell og er redaksjonelt uavhengig. Helsebiblioteket.no  blir drifta av Nasjonalt senter for helsetjenesten, og finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseforetaka.

    www.helsebiblioteket.no

     

Kurs

  • Sida er under utarbeiding.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 21.01.2009 09:12

Annette Furmyr

 

   

 

 

 


Telefon            

Medisinsk sengepost
for fordøyelsessjukdommar

70 10 57 90