Hopp til hovedinnhold

Blodbanken Volda

Illustrasjon - Laboratorieavdelinga

 

Blodbanken i Volda har om lag  900 tappingar i året, fordelt på ca. 500 aktive blodgivarar. Vi treng  50-60  nye blodgivarar kvart år. Blod og blodprodukt vert nytta ved operasjonar, til medisinske pasientar og som beredskapslager i tilfelle det oppstår ulykker.

Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling, men du får ei lita gåve som takk for hjelpa.

AFERESE
Blodbanken i Volda gjev nokre av blodgivarane høve til å verte tappa ved hjelp av ei maskin. Det medfører at blodet vert sentrifugert og blodgivaren får tilbake dei blodkomponentane som blodbanken ikkje treng. Informasjon vert utlevert til aktuelle blodgivarar, ingen vert tappa med denne metoda utan at dei sjølve ønsker det og stettar særskilde krav til denne type tapping.

Nyttig informasjon

  • Blodbankleiar Oddvar Fossheim
    Blodbanken i Volda held til i første etasje på sjukehuset. Når du kjem inn via hovudinngangen, på sørsida av sjukehuset, vil du enkelt finne blodbanken ved å fylgje skiltinga.

    Blodbanken har fast vervedag for nye blodgivarar, vi avtalar time for prøvetaking for den som har meldt seg som ny blodgivar.

    Opningstider for tapping etter avtalt time:
    Mandag-Torsdag: 0730 – 1130 1230 – 1400
    Fredag: 0730 – 0900 1015 – 1145
    Ettermiddag: 1500 – 1900 (ein ettermiddag kvar mnd) 


    Tlf. 70 05 82 85     Fax. 70 05 84 21

     

Blodgivarar

  • Etter innkalling (time-avtale) tek blodbanken imot blodgivarane, dei må alltid svare på spørjeskjema vedrørande eiga helse. Dette for å unngå komplikasjonar både hjå blodgivaren og blodmottakaren. Blodbanken har teieplikt, så all informasjon blodgivarane gjev oss vert handsama konfidensielt. Elles så har du som blodgivar rett til å slutte i blodgivarkorpset når du sjølv ønsker det.

    Blodbanken i Volda ønsker å ha eit mest mogeleg stabilt og aktivt blodgivarkorps. Vi tek kontakt med blodgivarane via telefon og avtalar tid for tapping. Dei aller fleste arbeidsgivarar opnar for at du kan gje blod på vanleg dagtid. Når du har meldt deg som blodgivar bør du avtale med blodbanken kva dagar og tidspunkt som høver best for deg. Blodbanken har ope for tapping ein ettermiddag kvar mnd., for dei som ikkje har høve til å gje på dagtid.

    Blodbanken har høve til å kalle deg inn maks 4 gongar i året. Vi ynskjer å ha så mange blodgivarar at ein sjeldan tappar deg meir enn 2-3 gongar årleg. Ein bør rekne med at kvar tapping tek omlag 30-40 minutt; først brukar du noko tid på vårt spørjeskjema, samt gjennomgang av dette med tappe-personalet. Tappinga, der ein tek 450 ml blod av deg, tar ca 7-8 minutt. Du skal kvile litt etterpå, slik at vi kjenner oss trygge på at du er i fin form når du forlet oss! Blodgivarane vert oppmoda om å unngå hard fysisk aktivitet resten av tappedagen, dette for å unngå etterreaksjonar.


    Kriterier for å gje blod:

       -  over 18 år, vanlegvis kan ein gje blod til ein er 65 år
       -  være frisk og over 50 kg,ha god blodprosent og fine blodårar
       -  ikkje tilhøyre risikogruppe
       -  det er særskilde krav til føde- og oppvekststad
       -  på vervedagen: spørjeskjema vedr. helsetilstand og blodprøvetaking
    (ikkje tapping)
     

Lenker

  • Meir informasjon om blodgiving, samt
    informasjon om andre blodbankar finn du på:


    www.giblod.no
     

Kontakt oss

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 30.01.2009 11:21 Oppdatert: 16.12.2008 13:11

 

 

giblod.no - Blodbanken i Volda