
Blodbanken i Ålesund har om lag 4000 tappingar i året, fordelt på 1700 aktive blodgivarar. Vi treng minimum 200 nye blodgivarar årleg.
Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling, men ei lita gåve som takk for hjelpa.
AFERESE
Blodbanken i Ålesund gjev nokre av blodgivarane høve til å verte tappa ved hjelp av ei maskin. Det medfører at blodet vert sentrifugert og blodgivaren får tilbake dei blodkomponentane som blodbanken ikkje treng. Informasjon vert utlevert til aktuelle blodgivarar, ingen vert tappa med denne metoda utan at dei sjølve ønsker det og stettar særskilde krav til denne type tapping.