Hopp til hovedinnhold

Ultralyd i svangerskapet Ålesund

Illustrasjon - Kvinneklinikken

 

Alle gravide får tilbod om ultralydundersøking mellom veke 17 og 20 i svangerskapet. Du vert tilvist av lege/jordmor ved første svangerskapskontroll. Undersøkinga vert utført av spesialutdanna jordmødre.

Formål med undersøkinga er først og fremst å gi ein sikker termin. Vi undersøker antal foster, kvar morkaka ligg, fosteret sin anatomi og om det er normal mengde fostervatn. Fosterets kjønn har som regel inga medisinsk betydning, og vert difor ikkje opplyst rutinemessig. Det er ikkje haldepunkt for at ultralyd er skadeleg. 

Nyttig informasjon

  •  Ultralyd i svangerskapet

    Åpningstid

    Hos oss får du tilbod om rutineultralyd
    Måndag - fredag frå kl 08:00 - 14:00

     

    Kontakt oss  

    Telefon: 70105945

     

    Lokalisering

    Bruk inngongen frå nordsida av sjukehuset (poliklinikkinngong). Følg skiting til heiser. Ultralyd vert gjort i 9.etg. i høgblokka. Meld deg i ekspedisjonen når du kjem til ultralyd.

     

    Betaling

    Du betaler ingen eigenandel for undersøkingar i svangerskapet. Dersom du ikkje møter til avtalt tid må du derimot betale ein eigenandel på kr. 279,-

     

    Kven kan du ha med?

    Ein vaksen person er velkommen til å vere med -ikkje barn.
    For å kunne utføre ei god undersøking er vi avhengig av ro og konsentrasjon, det er vanskeleg når små born er tilstades.

     

    Om du ønsker det kan du få ein serie ultralydbilete til kr. 50,-Ul bilde

     

    Meir informasjon om ultralyd i svangerskapet finn du i Pasienthåndboka 

     

    Du kan og lese meir i brosjyra: Informasjon om ultralyd i svangerskapet  

     

Oppfølging


  • I nokre tilfeller vil det vere behov for ein eller fleire ultralydundersøkingar etter rutineultralyden


    Det kan gjelde ved:
     
    Funn ved rutineultralyd
    Det kan til dømes vere å kontrollere kvar morkaka er plassert og/eller vurdere vekst og utvikling hos fosteret. I sjeldne tilfeller kan vi konstatere utviklingsavvik eller vere i tvil om det foreligg, då vert det alltid undersøkt nærmare av ein overlege og eventuelt henvist til Nasjonalt senter for fostermedisin i Trondheim.

    Alle fleirlingesvangerskap vert sett opp til fleire ultralydundersøkingar.


     
    Sjukdom før svangerskapet
    Dersom du har diabetes, epilepsi, høgt blodtrykk elller andre sjukdomar før svangerskapet, vil du i svangerskapet verte ekstra oppfulgt, blandt anna med ultralyd.


     
    Komplikasjonar i svangerskapet
    Dersom du i svangerskapet får diabetes, svangerskapsforgiftning eller andre komplikasjonar vil du verte sett opp til ekstra ultralydundersøkingar


     
    Tidlegare svangerskap-og/eller fødekomplikasjonar
    Det kan vere ved tidlegare utviklings- og/eller vekstavvik

     

    Vekstkontroll
    Nokre gongar er det ønskeleg å måle kor stort fosteret er, det kan til dømes vere dersom magen virkar liten i forhald til svangerskapslengda.


     
    Vurdering av fosteret sitt leie
    Nokre gongar vil fosteret, når det nærmar seg termin, ligge på tvers eller i seteleie.  For å vere sikker på kva leie fosteret har, kan det vere nødvendig å undersøke det med ultralyd.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 07.12.2008 01:18

Elin Ytterbø

Lenke til nettstad for gravide

Helsedirektoratet si nettside for gravide

 

Lenke til Mor- barn venleg sjukehus

Nettside Mor-barn vennleg sjukehus

(Rikshospitalet)

 

Lenke til Ammehjelpen

Ammehjelpen si nettside

 

Lenke til Tvillingforeldreforeningen

Nettside Tvillingforeldreforeningen

 

 

 Lenke til Liv laga

Nettside Liv laga

 

 

Lenke til Nav

 

Nettside nav