Blodprøver vert tatt av alle gravide ved første besøk hos jordmor/lege. Ein undersøker blodtype/antistoff og Hemoglobin (blodprosenten). Hos rhesus negative kvinner vert antistoffa sjekka på nytt seinare (svangerskapsveke 28 og 36). Hemoglobin vert kontrollert på nytt ved svangerskapsveke 28. Vidare vert det tatt prøve for å sjekke infeksjonane syfilis og HIV (frivillig testing). Det kan og vere aktuelt å sjekke andre blodverdiar etter individuell vurdering.
Ved mistanke om diabetes/sukkersjuke (sukker i urinen), må det takast blodprøver for å kunne bestemme eller avkrefte diagnosa. Prøva vert kalla glucosebelastning. Blodsukkernivået i blodet vert sjekka, både fastande og 2 timar seinare -etter inntak av ei bestemt mengde sukkerblanding. Dersom blodsukkeretverdien/ane er forhøga vil du få diagnosen svangerskapsdiabetes. Glucosebelastning vert dessutan tatt rutinemessig når kvinna tidlegare har hatt svangerskapsdiabetes, er over 38 år, kjem frå eit asiatiske land, er overvektig eller har diabetes i nær familie.
Les meir om diabetes i svangerskapet i Pasienthåndboka.no