Ved svangerskapspoliklinikken får gravide med fødselsangst tilbod om samtalar med lege og/eller jordmor, med kunnskap og erfaring på området. Gjennom samtale kan den gravide og partnaren få hjelp til å sette ord på og bearbeide angsten. Oppfølginga ved poliklinikken vert individuelt tilpassa. Enkelte har berre ein eller få samtalar, medan andre vert fulgt opp heile svangerskapet.
Lege og jordmor samarbeider og har som mål at det skal opplevast trygt å føde hos oss.
For å få time til samtale må lege eller jordmor i kommunehelsetenesta sende tilvisningsbrev. Erfaring viser at det er viktig å kome til samtale så tidleg som råd i svangerskapet.