
Svangerskapspoliklinikken gir tilbod til gravide som er tilvist til spesialist for vurdering og eventuelt vidare oppfølging. Vi gir svangerskapsomsorg til kvinner med komplikasjonar i noverande eller tidlegare svangerskap. Den gravide får oppfølging både av legespesialist og jordmor. Oppfølginga vert tilpassa individuelt med bakgrunn i diagnose og behov. Enkelte er tilknytta svangerskapspoliklinikken gjennom heile graviditeten, medan andre berre har ein eller få konsultasjonar.
Friske gravide må gå til fastlege eller jordmor i kommunene.
Les meir om svangerskapspoliklinikken