
Svangerskapspoliklinikken gir eit tilbod til gravide som er henvist til spesialist for vurdering og evt. vidare oppfølging. Vi gir svangerskapsomsorg til kvinner med komplikasjonar i noverande eller tidlegare svangerskap. Den gravide får oppfølging både av legespesialist og jordmor. Oppfølginga vert tilpassa individuelt med bakgrunn i diagnose og behov. Enkelte er tilknytta svangerskapspoliklinikken gjennom heile graviditeten, medan andre berre har ein eller få konsultasjonar.
Friske gravide må gå til fastlege eller jordmor i kommunane.
Svangerskapspoliklinikk har åpent mandag og fredag.
For tida er det fire jordmødre frå fødeavdelinga som følger opp pasientane her. Vi har som mål at du får oppfølging av same jordmor heile svangerskapet, for at du skal oppleve kontinuitet og tryggheit. Ved stor pågang, vert nokre kontrollar utført ved fødeavdelinga i 3.etg.

Svangerskapspoliklinikken har tett samarbeid med medisink poliklinikk og diabetesjukepleiarane ved sjukehuset.
Tilbake