Hopp til hovedinnhold

Ultralyd i svangerskapet Volda

Illustrasjon - Kvinneklinikken

 

Alle gravide får tilbud om ultralydundersøking omkring uke 18 i svangerskapet. Timen vert vanlegvis bestilt av lege/helsestasjon ved første svangerskapskontroll. Rutineultralyd vert utført av lege ved føde-barselavdelinga.

Nyttig informasjon

  • Åpningstid

    Ul bilde

    Hos oss får du tilbod om rutineultralyd                  
    torsdag frå kl. 09-15.30


    Kontakt oss

    Telefon: 70058263

     

    Lokalisering 

    Ultralyd vert gjort i gynekologisk poliklinikk i 1.etg. Du nyttar hovudinngangen og melder deg i ekspedisjonen.  

     

    Betaling

    Du betaler ingen eigenandel for undersøkingar i svangerskapet. Dersom du ikkje møter til avtalt tid må du derimot betale ein eigenandel på kr. 279,-

     

    Undersøkinga

    Undersøkinga er ein gjennomgang av foster og livmor for å få informasjon om:
    · Fosterets alder/Termin for fødsel
    · Antall fostre
    · Morkakas plassering
    · Fosterets anatomi og utvikling


    Fosterets kjønn har som regel inga medisinsk betydning, og vert difor ikkje opplyst rutinemessig.

     

    Meir informasjon om ultralyd i svangerskapet finn du i Norsk helseinformatikk  

    Du kan og lese meir i brosjyra: Informasjon om ultralyd i svangerskapet  

     

     

     


     

     

Oppfølging

  • I nokre tilfeller vil det vere behov for ein eller fleire ultralydundersøkingar etter rutineultralyden


    Det gjeld ved:

     
    Oppfølging av funn ved rutineultralyd
    Det kan til dømes vere å kontrollere kvar morkaka er plassert og/eller vurdere vekst og utvikling hos fosteret. I sjeldne tilfeller kan vi konstatere utviklingsavvik eller vere i tvil om det foreligg, då vert det alltid undersøkt nærmare av ein overlege og eventuelt henvist til Nasjonalt senter for fostermedisin i Trondheim.

    Alle fleirlingesvangerskap vert sett opp til fleire ultralydundersøkingar.


     
    Oppfølging ved sjukdom før svangerskapet
    Dersom du har diabetes, epilepsi, høgt blodtrykk elller andre sjukdomar før svangerskapet, vil du i svangerskapet verte ekstra oppfulgt, blandt anna med ultralyd.


     
    Oppfølging ved komplikasjonar i svangerskapet
    Dersom du i svangerskapet får diabetes, svangerskapsforgiftning eller andre komplikasjonar vil du verte sett opp til ekstra ultralydundersøkingar.


     
    Oppfølging grunna tidlegare svangerskaps-og/eller fødselskomplikasjonar
    Det kan vere ved tidlegare utviklings- og/eller vekstavvik.

     

    Vekstmåling
    Nokre gongar er det ønskeleg å måle kor stort fosteret er, det kan til dømes vere dersom magen virkar liten i forhald til svangerskapslengda.


     
    Vurdering av fosteret sitt leie
    Nokre gongar vil fosteret når det nærmar seg termin ligge på tvers eller i seteleie.  For å vere sikker på kva leie fosteret har, kan det vere nødvendig å undersøke det med ultralyd.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 17.12.2008 10:12

Elin Ytterbø

Lenke til nettstad for gravide

Helsedirektoratet si nettside for gravide

 

Lenke til Mor- barn venleg sjukehus

Nettside Mor-barn vennleg sjukehus

(Rikshospitalet)

 

Lenke til Ammehjelpen

Ammehjelpen si nettside

 

Lenke til Tvillingforeldreforeningen

Nettside Tvillingforeldreforeningen

 

 

 Lenke til Liv laga

Nettside Liv laga

 

 

Lenke til Nav

 

Nettside nav